Sogn PPT søkjer sakshandsamar og logoped!
Sogndal kommune Sogn PPT
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Sogn PPT søkjer sakshandsamar og logoped!
Vil du vere med å skape eit inkluderande læringsmiljø for ALLE?
Om stillingane:
Til saman 300% stilling som logoped / spesialpedagog / sakshandsamar, både fast og vikariat. Det kan og bli ledig fleire stillingar.
Sogn pedagogisk psykologisk er ei interkommunal teneste for grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Sogn PPT er tverrfagleg samansett, og har i dag 15 tilsette. Sogn PPT omfattar både avdeling for PPT og logopedavdeling, med kontor i Sogndal.
Sogn PPT er i gang med eit spennande utviklingsarbeid for å bli ei framtidsretta og moderne PP-teneste. Dei som blir tilsett, skal delta aktivt i dette arbeidet.
Me er på leit etter deg som ønskjer å styrke inkluderande praksis i barnehage og skule. PPT er ein sentral samarbeidspart for kommunane. Arbeidet vårt skal sikre gode utviklingsmoglegheiter for barn og unge, særleg dei med særskilde behov. Førebyggande arbeid står sentralt.
Me ser òg ein utøvande logoped som kan gi direkte oppfølging av barn, unge og vaksne. Arbeidet omfattar reiseverksemd i området.
Arbeidsoppgåver:
- Utgreiing- og sakkunnig arbeid etter barnehage- og opplæringslova
- Kontaktperson for skular og barnehagar
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid knytt til førebygging og tidleg innsats
- Kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå
- Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
- Bidra aktivt i team og utviklingsarbeid i eiga teneste
- Som utøvande logoped: direkte oppfølging av barn, unge og vaksne med behov for logopedisk oppfølging
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning med master innanfor retningar som logopedi, spesialpedagogikk, tilpassa opplæring, pedagogikk, psykologi.
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- Erfaring frå arbeid i PPT er ynskjeleg
- Erfaring frå arbeid i barnehage og/eller skule er ynskjeleg
- Førarkort klasse B, ynskjeleg med eigen bil til disposisjon
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
- God kompetanse på relasjonsbygging
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
- Engasjert og utviklingsorientert fagperson
- Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Ha høg arbeidskapasitet og takle arbeidspress
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsgjevar: Sogndal kommune
Arbeidsstad: Sogn PPT i Dalavegen 2, men ein må pårekna køyring mellom einingane i kommunen.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Logopedi
- Spesialpedagogikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Dalavegen 2, 6856 Sogndal
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Logoped, Saksbehandler, Spesialpedagog
Nøkkelord
Spesialpedagog, logoped, Sogndal, PPT, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456938732
- Sist endret


