Prosjektleiar
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
- Frist 12.4.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Prosjektleiar (vikariat 50-70 %)
Vil du vere med og utvikle nye opplevingar for born, unge og vaksne? ViteMeir søkjer ein prosjektleiar i vikariat frå august 2026 til august 2027.
Som prosjektleiar hos oss arbeider du med utvikling og gjennomføring av prosjekt som styrkjer tilbodet vårt. Du samarbeider tett med kollegaer og eksterne partnarar, og bidreg til at idear blir til konkrete opplevingar for publikum.
Arbeidsoppgåver
leie interne prosjekt og prosjekt i samarbeid med andre aktørar
bidra i utvikling av utstillingar, både større og mindre prosjekt
leie og følgje opp HMT-prosjekt
arbeide med klimarapportering
bidra i løpande oppgåver ved senteret, både administrative og praktiske
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift i prosjekt. Du trivst med samarbeid og bidreg gjerne der det trengst.
Det er ein fordel om du har erfaring med prosjektarbeid eller utviklingsarbeid, men personlege eigenskapar og motivasjon blir òg lagt vekt på.
Me tilbyr
vikariat i 50–70 % stilling i perioden august 2026 til august 2027
lønn etter avtale
gode pensjonsvilkår
fleksibel arbeidstid
ein variert og spennande arbeidskvardag i eit engasjert fagmiljø
Arbeidsstad er ViteMeir på Kaupanger.
Søknadsfrist: 12. april
Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med oss.
Send søknad og CV til jobb@vitemeir.no.
Ferdigheter
- Etterlevelse av HMS i prosjekter
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
- Miljørapportering
- Utstillingsproduksjon
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – er eitt av 13 regionale vitensenter i landet. Senteret ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og opna i 2021. ViteMeir skal gje eit inspirerande og lærerikt tilbod til barnehagar og skular innan realfag, vere eit teknologisk opplevingssenter for familiar og fritidsgjestar, og ein unik møte- og utviklingsarena for næringslivet.
Som prosjektleiar får du moglegheit til å bidra inn i ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. Dei tilsette ved ViteMeir utgjer om lag 16 årsverk. Senteret skal vere ei drivkraft i regionen i tett samhandling med mellom anna barnehagar, skular og næringsliv.
- Sektor: Privat
- Sted: 6854 Kaupanger
- Bransje: Event og arrangementer, Forskning, utdanning og vitenskap, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kultur og museum, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleiar, prosjektarbeid, vikariat, kreativitet, vitensenter
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455627978
- Sist endret


