Rådgjevar/seniorrådgjevar - naturforvaltning
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 15.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med vassdragsnatur i Vestland?
Vi er på jakt etter deg som har solid kunnskap om økologiske prosessar i ferskvassystem og god innsikt i korleis inngrep kan endre grunnleggjande funksjonar i vassdrag.
Stillinga skal styrke arbeidet vårt med sakshandsaming, rettleiing og oppfølging av ulovlege tiltak knytt til kantsoner og vassdrag. Stillinga inngår i ei faggruppe med varierte oppgåver knytt til fiske-, vassdrags- og vassforvalting, og du vil samarbeide tett med andre fagavdelingar i embetet.
Miljøavdelinga vert leia frå Bergen, og har 42 tilsette i to seksjonar; naturmangfald og forureining.
Kontorstad for stillinga er Bergen eller Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter vassressurslova og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag
- Rettleiing og samarbeid med kommunar, vassområda og andre relevante aktørar
- Nødvendige synfaringar og tilsyn
- Ulovlegheitsoppfølging
- Bidra med vasskompetanse i embetet sitt øvrige arbeid
Andre oppgåver kan bli aktuelle alt etter kva som til ei kvar tid er prioriterte oppgåver og ut frå erfaring og kompetanse.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- relevant utdanning på mastergradsnivå, med fagleg tyngde innan ferskvassøkologi og biologi. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg (men ikkje eit krav) med relevant erfaring frå eitt eller fleire av desse områda:
- Offentleg naturforvaltning
- Synfarings- og tilsynsarbeid
- Lovverk og verkemiddel i vassforvaltninga
- Fagdatabasar som Vann-Nett og Vannmiljø
- Rettleiing og kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Strukturert, sjølvstendig og leverer i tide
- Initiativrik, fleksibel og positiv
- God rolleforståing og gode samarbeidsevner
- Kommuniserer godt med kollegaer og eksterne aktørar
Personlege eigenskaper og vårt behov for fagleg profil vil bli vektlagt ved tilsetting.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Biologi
- Forvalte marine ressurser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Flere arbeidssteder: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
biologi, vassforvaltning, naturforvaltning, vassdragsnatur, sakshandsaming
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457239754
- Sist endret



