Direktør Drift og eigedom
Helse Førde
- Frist 06.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Direktør Drift og eigedom
Helse Førde har frå 01.09.2026 ledig stilling som direktør for Drift og eigedom.
Ansvarsområdet omfattar drift, forvaltning, investeringar og tekniske anlegg for om lag 120 000 m² eigedomsmasse på alle våre lokasjonar. Driftsbudsjettet er på rundt 350 millionar kroner, og avdelinga har om lag 210 tilsette. Verksemda arbeider i tråd med rammene for Grønt sjukehus og er inne i ei tid med omfattande utvikling og modernisering.
Helse Førde er ei av dei største verksemdene i regionen og tilbyr spesialisthelsetenester til heile Sogn og Fjordane. På nettsida vår finn du meir informasjon om verksemda: Helse Førde.
Stillinga er lokalisert i Sunnfjord kommune, ein attraktiv og vekstkraftig kommune midt mellom fjord og fjell. Kommunen tilbyr varierte bustadområde, gode oppvekstvilkår og rike kultur- og friluftsmoglegheiter. Du kan lese meir om kommunen her: Sunnfjord kommune.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein handlingsorientert direktør som kan leie og vidareutvikle tenestene våre innan drift, forvaltning og støttetenester.
Helse Førde står i ein krevjande økonomisk situasjon, og tilpassing av drifta til dei økonomiske rammene vil krevje solid styring, tett oppfølging og tydeleg leiing.
Det nye sjukehusbygget i Førde, med moderne teknologi og endra krav, stiller høge forventningar til leiingskraft, gjennomføringsevne og omstillingsevne. I tillegg til ansvaret for ein omfattande bygningsmasse med avanserte tekniske anlegg og komplekse driftsoppgåver, søkjer vi ein person som tenkjer heilskapleg og har Helse Førde sitt beste som styrande mål.
Stillinga byr på varierte og krevjande oppgåver i alle fasar av eigedomsverksemda.
Direktøren rapporterer til administrerande direktør og inngår i hans leiargruppe.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, gjerne på mastergradnivå
- Solid og dokumentert leiarerfaring
- Erfaring frå drift, eigedomsforvaltning og/eller større tekniske driftsmiljø
- God økonomiforståing og evne til å styre etter rammer
- Erfaring frå endrings- og utviklingsprosessar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg leiar med evne til å skape retning og resultat
- God relasjonsbyggjar med evne til å involvere og motivere
- Strategisk og analytisk, men samtidig operativ når situasjonen krev det
- Evne til å sjå heilskap og handle med Helse Førde sitt beste som styrande mål
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarstilling i ei verksemd med viktig samfunnsoppdrag
- Stor påverknadskraft i vidare utvikling av sjukehusdrift og eigedomsforvaltning
- Eit kompetent og engasjert fagmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Eiendomsforvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Direktør, Masternivå, Eigedomsforvaltning, Teknisk driftsmiljø, Utviklingsarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456086782
- Sist endret

