Båtførar og guide
Jølster Reiarlag AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sesongjobb i Jølster med verdens flotteste utsikt
Bli med på laget og gje uforgløymelege opplevingar til våre gjestar!
Vi søkjer båtvertar/båtførarar/guidar til våre båtar på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Sesongjobb med provisjon + minstelønsgaranti per tur. Ønskje om at kandidaten kan jobbe for oss i fleire sesongar fremover.
Om stillinga
Rolle: Båtførar og guide på våre guida båtturar. Opplæring vert gitt.
Arbeidsstad: Skei, Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden.
Periode: Sommarsesongen (vanlegvis frå påske til september). Moglegheit for arbeid i helger utanom sommarferien dersom du er student.
Løn: Provisjon per tur + minstelønsgaranti.
Kvalifikasjonar
Bestått båtførarprøve. Vi sponsar kurset viss øvrige kvalifikasjonar er på plass.
Flytande norsk og god engelsk - må kunne guide på begge språk. Om du kan tysk vil det vere en fordel.
Serviceinnstilt, trygg, punktleg og ansvarsfull. Tryggleiken på turane er vår høgste prioritet.
Utadvent, fleksibel og tilpassingsdyktig. Vi har gjestar frå heile verda.
Erfaring frå guiding/reiseliv og førarkort klasse B er ein fordel.
Arbeidsoppgåver
Sikker føring av passasjerbåt og ansvar for passasjersikkerheit.
Guiding og formidling om natur, kultur og lokal historie.
Sal av turar på utvalde stader, som ved kaia vår eller ved kontoret vårt. God moglegheit til å påverke eigen arbeidstid og løn gjennom salsarbeid.
Ombordservice, av-/påstiging og enkel klargjering/vedlikehald av båt og utstyr.
Slik søkjer du
Send CV, kort søknad og eventuell kopi av bevis for båtførarprøve til: hans@jolsterboattours.no
Merk: «Båtvert/Båtførar/Guide»
Søknadsfrist: Snarast, løpande vurdering.
Kontakt
Namn: Hans-Martin Martinussen
Telefon: 400 61 941
E-post: hans@jolsterboattours.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vår visjon er å tilby den flotteste aktiviteten i Jølster ved å vise fram verdens vakreste natur fra moderne, stillegående båter.
Vi samarbeidar med lokalt reiseliv for å tilby reisande gode opplevingar i Jølster.
Vi har base på Skei i Jølster og køyrer båtturar på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Vi disponerer tre båtar og er godkjende for inntil 11 passasjerar + båtførar. Vi har ein katamaran med utenbordsmotor, ein heilelektrisk snekke og ein snekke diesel-elektrisk hybridmotor.
Vi køyrer turar til oppsette tidspunkt, og skreddarsyr turar for ulike grupper, t.d. bedriftar, private grupper og reiseselskap.
Vi har salskontor sentralt på Skei der dagleg leiar held til. Her finst også lager, lunsjrom, toalett og pauseområde for tilsette mellom oppdraga. Vi har liknande fasilitetar i nærleiken av vår faste kai ved Jølstravatnet, ca ein km unna ved Panorama Camping.
Jølster Boat Tours er eit selskap i vekst med ambisjonar for sesongen 2026.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Vikavegen 3, 6843 Skei i Jølster
- Bransje: Event og arrangementer, Reise og turisme, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Salg, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
båtfører, guide, sesongjobb, sikkerhet, salg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455981156
- Sist endret

