Rådgivar/seniorrådgivar
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 19.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å koordinere utvikling av nasjonale IT-system
Lotteri- og stiftelsestilsynet er på jakt etter ein strategisk og samtidig operativ ressurs som skal vere eit viktig bindeledd mellom fagmiljø og teknologi.
Vi ønsker gjerne deg med erfaring med å leie utviklingsprosjekt eller vurdering og innføring av sentrale IT-løysingar. Stillinga skal bidra til heilskap og samanheng mellom fagområda, arbeidsprosessar, data og digitale løysingar, og sørge for at våre digitale satsingar gir verdi i praksis.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har ei omfattande og spennande IT-portefølje med fleire nasjonale register, og ein mangfaldig organisasjon med rundt 90 tilsette og fleire forskjellige nasjonale oppdrag.
Stillinga vil vere organisatorisk plassert i IT og dokumenthandtering (ca. 20 tilsette). Her vil du jobbe tett med både fagmiljøet og utviklingsmiljøet i organisasjonen, og få stor moglegheit til å påverke korleis vi arbeidar.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg med relevant erfaring og utdanning på bachelornivå. Dersom du har solid erfaring frå teknologiarbeid og kan vise til gode resultat, kan dette kompensere for utdanningskravet.
Vi ser primært etter kandidatar med
- god forståelse for både organisasjonens oppgåver og behov, og teknologi
- erfaring frå prosjekt og tverrfagleg samarbeid
- kjennskap til Office 365, spesielt SharePoint og Teams
- kjennskap til bruk av kunstig intelligens og Copilot
- evne til å omsette behov og mål til konkrete tiltak
- kjennskap til IT-tenestestyring
- erfaring med bruk av data og datadeling
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- har strategisk tankesett og evne til å sjå heilskap og samanhengar
- er omgjengeleg, samarbeidsorientert og trygg i dialog med ulike fagmiljø
- har sterke samarbeidsevner og god gjennomføringsevne
- er komfortabel med å ta ein tydeleg rolle i grenseflatene mellom miljøer
Du må rekne med noko reising i samband med jobben.
Kvifor skal du velje oss?
Her får du ein spennande, utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø – samtidig som du får ein god balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning.
Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset.
Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, det betyr at du får ei av Norges beste pensjonsordningar. Vi er og ei IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv).
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.
Verd å merke seg
Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364.
Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse i bedrifta, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
FerdigheterAI-generert
- IT Service Management (ITSM)™
- Koordinere prosjekter og forbedringsaktiviteter for IT - løsninger
- Kunstig intelligens
- Microsoft 365
- Microsoft SharePoint
- Microsoft Teams
- Tilgang til og analyse av digitale data
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
IT, Koordinator, Utvikling, Strategisk, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455741558
- Sist endret

