Produksjonssjef
Sunnfjord Miljøverk IKS
- Frist 06.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Produksjonssjef
Er du vår nye produksjonssjef?
Vi søker ein engasjert og strukturert produksjonssjef som skal ha hovudansvar for heile produksjonen i SUM. Det vil seie drift av gjenvinningsstasjonane våre og anlegget vårt på Einestølen. Under deg har du ein miljørådgjevar og fagrådgjevar. I tillegg blir du nærmaste leiar for 10 dyktige tilsette som jobbar i drift hos oss.
Dette er ei stilling med mykje ansvar. Den krev erfaring frå HMS-arbeid, god evne til å samarbeide og sjå det større bilde. Vi får stadig nye lovkrav som vi må levere på. Trygg drift med kontinuerleg forbetring blir ein viktig del av jobben til produksjonssjef.
Blant anna jobbar vi etter EU sine krav om 65 % materialgjenvinning innan 2035. For å nå dette målet er det nødvendig med målretta tiltak i alle ledd av produksjonen. Her er det rom for gode idéar og kreative løysingar.
Om alt går etter planen, skal SUM flytte inn i eit flunkande nytt anlegg på Moskog i 2029. Produksjonssjefen vil vere ein naturleg del av utviklinga av dette anlegget. Både i forkant, men òg under flytting, og vidare drift på ny lokasjon.
SUM er i prosess med ISO-sertifisering, og erfaring med dette er absolutt ein bonus inn i stillinga. Uansett må HMS og kvalitetsstyring ligge i beinmargen for vår nye produksjonssjef. Det er heilt avgjerande at våre tilsette har ein trygg og god arbeidsplass.
Som produksjonssjef vil du få ei sentral rolle i leiargruppa, som òg består av økonomisjef, leiar for transport og logistikk, leiar for kundesenteret og dagleg leiar.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for produksjonslinja, inkludert økonomi, HMS, kvalitet og produktivitet
- Leie og følgje opp den dagleg drifta i produksjonen
- Vidareutvikle og optimalisere produksjonsprosessane i tråd med verksemda sine mål og strategi
- Planlegge, koordinere og følgje opp samanhengen mellom:
- innsamling av avfall
- mottak på gjenvinningsstasjonar og i sorteringshall
- vidare behandling av avfall til hovudanlegget
- nedstraumsløysingar og deponi
- Sikre god samhandling mellom produksjonsavdelinga og andre avdelingar i verksemda
- Ansvar for systematisk risikoarbeid, inkludert risikovurderingar, avviksbehandling og oppfølging av tiltak knytt til drift, arbeidsmiljø og endringar.
- Følgje opp og vidareutvikle HMS-, kvalitets- og miljøarbeidet, inkludert arbeid etter ISO-standardar
- Følgje opp og vidareutvikle industrivern i samband med overgang til og drfit av nytt anlegg på Moskog
- Bidra i planlegging og gjennomføring av overgang til nytt avfallsanlegg
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, gjerne innan tekniske fag, produksjon, industriell leiing, naturvitskaplege eller miljøfaglege fagområde. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- Leiarerfaring frå produksjon, drift eller tilsvarande verksemd
- Erfaring med å leie og følgje opp HMS-arbeid
- Erfaring med planlegging, styring og vidareutvikling av produksjonsprosessar
- Erfaring med kvalitetsstyring og arbeid etter ISO-standardar, til dømes ISO 9001, 14001 og/eller 45001
- Kompetanse innan risikovurdering, avvikshandtering og kontinuerleg forbetring
- Har god økonomiforståing
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Trygg i leiarrolla i endring og utvikling
- Arbeide sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert, med høg fokus på kvalitet
- Har god teknisk forståing
- Ser heilskap og samanhengar
- Gode samarbeidsevner og tydeleg kommunikasjon, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarstilling med stort handlingsrom og ansvar for viktige delar av den daglege drifta
- Høve til å påverke og vidareutvikle framtidsretta avfallsløysingar i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
- Ei nøkkel rolla i planlegging, utvikling og etablering av nytt og moderne avfallsanlegg på Moskog
- Eit fagleg sterk og engasjert arbeidsmiljø, med dyktige kollegaer og tverrfagleg samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordninga, samt konkurransedyktig løn
FerdigheterAI-generert
- Avfalls- og gjenvinningsbransjen
- Digitale ferdigheter
- Forbedring av produksjonsbetingelser
- ISO 9001
- Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
- Kvalitetsstyring
- Naturvitenskap
- Risikovurdering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord Miljøverk (SUM) har eit givande samfunnsoppdrag. Vi er renovasjonsselskapet til Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune, og har som hovudoppgåve å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering. I dag er vi 35 tilsette som mellom anna jobbar innanfor drift, renovasjon, transport og logistikk, kundesenter, økonomi, HR og IT. Hovudanlegget vårt ligg på Einestølen, og vi har i tillegg kontor i Førde sentrum.
Visjonen vår er at Sunnfjord Miljøverk skal tilby løysingar verda treng, til glede og nytte for folk og lokalsamfunnet. Vi skal sørge for at avfallet som blir samla inn i kommunane, vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi. Hos oss skjer det mykje heile tida, og vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kloppstadvegen 310, 6815 Førde
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Produksjon, Produktledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454841610
- Sist endret

