Erfaren prosjektutviklar - Nyvinn
SFE
- Frist 2026-04-06
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og skape den fornybare framtida?
Nyvinn er utviklings- og innovasjonsselskapet til Sogn og Fjordane Energi (SFE). Vi jobbar for å utvikle og investere i prosjekt og verksemder som bidreg til omstilling og berekraftig verdiskaping – og som styrkjer næringslivet på Vestlandet gjennom samarbeid, teknologi og gjennomføringskraft.
Vi søkjer etter prosjektutviklar for å styrke laget vårt innan utvikling av nye lønsame prosjekt som kuttar utslepp og gir ny aktivitet i regionen vår.
Hos oss får du jobbe i langsiktige prosjekt med stor betydning. Du identifiserer vekstmoglegheiter, lagar avgjerdsgrunnlag, byggjer tillit hos interessentar som myndigheiter, lokalsamfunn, grunneigarar og partnarar, og driv prosessar fram til investeringsavgjerd.
I tillegg til dine fire kollegaer i Nyvinn-teamet, jobbar du og tett med dei tekniske og økonomiske fagmiljøa i SFE. Prosjekta våre går over fleire år og krev både fagleg styrke, tolmod og evne til å stå i komplekse prosessar over tid.
Det er ein fordel om du har erfaring med fornybar energi, og både prosjektutvikling og prosjektleiing er relevant. Du har evne til å bygge relasjonar og skape tillit hos våre interessentar – som er både myndigheiter, politikarar, lokalsamfunn, grunneigarar, leverandørar og ulike samarbeidspartnarar. Du er god på både munnleg og skriftleg kommunikasjon og evner å sjå ei sak frå fleire sider.
Du har høgare utdanning og sterke analytiske evner, og bør ha innsikt i plan- og bygningslov og miljøkrav. Du trivst i skjeringspunktet mellom energi, industri og marknad, og kombinerer teknisk forståing med kommersiell teft.
Vi set også pris på at du kan samarbeide tett med både tekniske, juridiske og økonomiske fagmiljø, samtidig som du er trygg i deg sjølv og kan jobbe sjølvstendig og målretta. Er du initiativrik og har gjennomføringskraft ønskjer vi å bli nærmare kjent med deg!
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsstad kan vere ved hovudkontoret på Sandane, eller ved eitt av kontora våre i Førde, Svelgen, Ålfoten eller Mel (Vetlefjorden).
Før tilsetting av den rette kandidaten, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknadsfrist er 6. april, men vi gjer vurdering av kandidatar undervegs. Er du interessert, ikkje nøl med å sende ein søknad!
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Roger Flølo 997 37 800.
FerdigheterAI-generert
- Fornybare energiteknologier
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
- Plan- og reguleringsloven (Byplanlegging)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane, 6823 Sandane
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse
Nøkkelord
Prosjektuvikling, Energi, Innovasjon, Teknologi, Bærekraft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454947861
- Sist endret
