Økonomisjef
Luster kommune
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye økonomisjef i Luster kommune?
Luster kommune søkjer ein erfaren og framtidsretta økonomisjef som ønskjer å ta ei sentral rolle i den vidare utviklinga av kommunen. Vår noverande økonomisjef har gått over i anna stilling, og me ser no etter ein ny leiar med høg fagleg integritet og god forståing for samanhengen mellom økonomisk styring, tenesteutvikling og kommunen sitt samfunnsoppdrag.
Som økonomisjef vil du få ei sentral leiarrolle i kommunen. Du rapporterer til kommunedirektøren og inngår i den strategiske leiargruppa. Stillinga gir eit breitt handlingsrom til å påverke kommunen si økonomiske styring i ei tid prega av omstilling, auka krav til effektiv ressursbruk og kontinuerleg utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Som økonomisjef vil du ha overordna ansvar for kommunen si økonomistyring og vere ein sentral fagleg og strategisk rådgjevar for administrativ og politisk leiing. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Overordna ansvar for økonomistyring, rekneskap og årsmelding
Strategisk økonomiplanlegging, analyse og langsiktig utviklingsarbeid
Utarbeiding av årleg budsjett og økonomiplan i samarbeid med kommunedirektør og leiargruppe
Sikre god samanheng mellom økonomiske prioriteringar, politiske vedtak og vedtekne planar
Leiing og vidareutvikling av økonomiavdelinga
Pådrivar for vidareutvikling av digitale løysingar og effektive arbeidsprosessar
Fagleg rådgjeving og støtte til leiarar i organisasjonen
Vidareutvikling av rutinar, system og rapporteringsløysingar innan økonomiområdet
Saksførebuing og presentasjon av økonomisaker for politiske organ
Forvaltning av fond, lån og gjeld
Overordna ansvar for innkjøp og offentlege anskaffingar
Kvalifikasjonar
Me søkjer ein kandidat med solid fagkompetanse og relevant erfaring:
Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller administrasjon
(minimum bachelorgrad – mastergrad er ein fordel)Erfaring med økonomistyring, gjerne frå offentleg sektor
Leiarerfaring og dokumentert evne til å utvikle medarbeidarar og fagmiljø
God systemforståing og erfaring med økonomisystem
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
God forståing for offentleg forvaltning og politiske avgjerdsprosessar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Me ser etter deg som er:
Strategisk og analytisk, med god heilskapleg forståing
Strukturert, sjølvstendig og trygg i leiarrolla
Ansvarsbevisst og tydeleg i faglege vurderingar
Relasjonssterk og profesjonell i møte med medarbeidarar, leiarar og politisk nivå
Samarbeidsorientert og løysingsorientert
Me tilbyr
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomisjef, luster kommune
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442563278
- Sist endret

