
Seksjonsleiar Akuttmottak
Helse Bergen HF
- Frist 04.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar Akuttmottak
Vil du leie eitt av landets største akuttmottak – og vidareutvikle tenesta for framtida?
Vi søker ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar som vil ta ansvar for drift, kvalitet og fagleg utvikling i ei eining med avgjerande betydning for pasientbehandling i sjukehuset.
Om Akuttmottaket
Akuttmottaket er sentralt i sjukehuset si akuttkjede og tar imot om lag 45 000 pasientar årleg med komplekse og tidskritiske behov. Her arbeider fleire yrkesgrupper tett saman for å sikre trygg, effektiv og fagleg god behandling – når det gjeld som mest.
Eininga samarbeider tett med dei fleste avdelingar og klinikkar i sjukehuset, og er eit sentralt knutepunkt i beredskapen. Akuttmottaket er organisert under Mottaksklinikken, som består av fem seksjonar: Akuttmottak, Korttidsposten, Utgreiingsmottak 1 og 2, og Legeeininga. Vi er ein del av Mottaksmodellen, der fleire avdelingar og klinikkar samarbeider for å gi pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp eit best mogleg tilbod. Målet vårt er klart: presis diagnostikk og rett behandling – på rett stad, til rett tid.
Som seksjonsleiar får du ansvar for ei stor, kompleks og samfunnskritisk eining med høg aktivitet døgnet rundt og 120 medarbeidarar. Du vil ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenesta, styrke fagmiljøet og sikre kvalitet i alle ledd. Stillinga inneber både strategisk og operativ leiing i eit dynamisk og givande miljø.
Arbeidsoppgåver
- Ha ansvar for strategisk og operativ leiing
- Sikre kvalitet, pasienttryggleik og god pasientflyt i tråd med Mottaksmodellen
- Leie tverrfaglege team og vidareutvikle samhandlinga med heile sjukehuset
- Ha personal-, budsjett- og resultatansvar
- Drive forbetrings- og endringsarbeid etter gjeldande metode
- Bidra aktivt i sjukehuset si beredskap og krisehandtering
- Du rapporterer til klinikkdirektøren og inngår i klinikken si leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan helse
- Leiarerfaring frå kompleks verksemd, gjerne med personal- og budsjettansvar
- Leiarutdanning er ei fordel
- Forståing for akuttmedisin, pasientforløp og tverrfagleg drift
- Kjennskap til forbetringsarbeid, risikostyring og beredskap
- Kjennskap til arbeidstidsplanlegging
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og handlekraftig – også under press
- Kommuniserer klart og skapar retning i krevjande situasjonar
- Er god på tverrfagleg samarbeid, involvering og relasjonsbygging
- Har høg gjennomføringsevne og blir motivert av forbetring
- Er oppteken av kultur, arbeidsmiljø og fagleg utvikling
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarrolle i eit av Noregs mest komplekse og spennande akuttmiljø
- Store moglegheiter til å påverke og vidareutvikle akuttmottaket og pasientforløpa framover
- Eit solid fagmiljø med dedikerte og erfarne medarbeidarar
- Gode moglegheiter for leiarutvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Akuttmedisin
- Arbeidsledelse
- Kvalitetssikring
- Risikostyring
- Strategisk ledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsleder, leder akuttmottak, sykepleier, mottaksklinikken, haukeland sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442021742
- Sist endret

