
Assisterande seksjonsleiar
Helse Bergen HF
- Frist 04.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Assisterande seksjonsleiar- Kompleks Rehabilitering Sandviken
Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern?
Helse Bergen HF søker ny assisterande seksjonsleiar til Seksjon for kompleks rehabilitering (KRS) – ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.
Vi har nyleg tilsett ny seksjonsleiar, Silje Madeleine Hop, som startar i stillinga 5. januar. Som assisterande seksjonsleiar vil du bli ein viktig samarbeidspartnar for Silje og inngå i arbeidet med å utvikle Nye Sandviken.
Om seksjonen
KRS har eit rehabiliteringstilbod med fokus på relasjonsbygging, meistring og overgang til bustad og daglegliv. Vi gir behandling til følgande pasientgrupper:
- Personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar som rus og personlegdomsforstyrringar (6 plassar)
- Personar med kombinasjon av alvorleg psykisk liding og psykisk utviklingshemming og/eller utviklingsforstyrring (2 plassar)
Seksjonen arbeider tverrfagleg og har eit sterkt fokus på miljøterapi, ADL-trening, sansestimulering og musikkterapi som verktøy for kjensleregulering og meistring. Fysisk helse er ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar.
Om stillinga
Som assisterande seksjonsleiar vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av seksjonen og vere ein viktig støttespelar for seksjonsleiar. Du vil bidra til fagleg utvikling, kvalitetssikring og koordinering av behandlingstilbodet.
Arbeidsoppgåver
Assisterande seksjonsleiar har saman med seksjonsleiar:
- medansvar for forsvarleg drift av seksjonen
- medansvar for å utvikle det sjukepleie- og vernepleiefaglege arbeidet i seksjonen
- medansvar for ivaretaking av personalet
- medansvar for arbeidstidsplanlegging/bemanning
- medansvar for godt samarbeid internt med andre seksjonar og eksternt med DPS/kommune
- delta i avdelinga sitt leiarteam og vera stedfortredar for seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg
- Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ønskeleg
- Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst/sjølvstendig
- Strukturert
- Pasientorientert
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Engasjert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Må vere personleg eigna til arbeidet
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Pasientbehandling
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
assisterende seksjonsleder, kompleks rehabilitering sandviken, KRS, seksjonsleder, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441026312
- Sist endret


