
Fagsjukepleiar i Operasjonsavdelinga ved Augeavdelinga
Helse Bergen HF
- Frist 16.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagsjukepleiar i Operasjonsavdelinga ved Augeavdelinga
Operasjonsavdelinga ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus har ansvar for planlagde og akutte inngrep innan augekirurgi. Seksjonen har fleire operasjonsstover og utfører eit breitt spekter av inngrep, inkludert vitrektomi, kataraktkirurgi, glaukomkirurgi og plastikkirurgi. Drifta krev tett samarbeid mellom ulike profesjonar. Seksjonen har om lag 14 operasjonssjukepleiarar.
Vi søker ein fagsjukepleiar i 100% fast stilling, der inntil 50% kan avsettast til faglege oppgåver. Drift er likevel det viktigaste ansvarsområdet, og fagsjukepleiar skal inngå i klinisk arbeid ved behov. Fagsjukepleiar skal bidra til fagutvikling, opplæring, prosedyrar og oppfølging av utstyr. Stillinga rapporterer til seksjonsleiar og samarbeider tett med assisterande seksjonsleiar og resten av teamet.
Dette er ei rolle for deg som ønsker å vere med og utvikle eit sterkt fagmiljø og sikre trygg og effektiv pasientbehandling.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til fagutvikling, opplæring og kvalitet i operasjonsavdelinga
- Delta i klinisk arbeid ved behov
- Halda fagprosedyrar i EK oppdaterte
- Sikre at innhald i Kompetanseportalen er oppdatert
- Planleggje og koordinere opplæring av nytilsette
- Bidra i undervisning og rettleiing av personale og spesialstudentar
- Følge opp fagutviklingsplanar og bidra til innføring av nye arbeidsmetodar
- Utarbeide og følgje opp intern undervisningsplan
- Koordinere opplæring og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr i samarbeid med MTA og leiinga
- Sikre at nødvendig utstyr er tilgjengeleg for planlagd aktivitet
- Delta i vurdering og innkjøp av utstyr
- Delta i tverrfaglege prosjekt i Augeavdelinga og Helse Bergen
- Må kunne fungere som stedfortredar for seksjonsleiar ved behov
- Lære og bruke relevante administrative system som ein del av funksjonen
- Andre oppgåver kan bli delegert av seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning som operasjonssjukepleiar
- Erfaring frå operasjonsavdeling
- Erfaring frå augefeltet er ønskeleg, men ikkje krav
- Relevant mastergrad er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Evne til å lære og bruke administrative system
- God kommunikasjonsevne og gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Ønskeleg med erfaring frå undervisning eller rettleiing
- Personleg dugleik blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert og trygg i samarbeid med andre
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø og møter kollegaer og pasientar med godt humør
- Evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og med god gjennomføringsevne
- Trygg i kommunikasjon og i stand til å handtere travle og komplekse situasjonar
- Motivert for fagleg utvikling og for å bidra i forbetringsarbeid
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst, med evne til å ta initiativ ved behov
Vi tilbyr
- Eit fagleg sterkt og engasjert miljø i Operasjonsavdelinga Auge
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver både fagleg og klinisk
- Tett samarbeid med seksjonsleiar, assisterande seksjonsleiar og eit erfarent operasjonsteam
- Moglegheiter for fagleg utvikling og relevante kurs
- Ein arbeidsplass som vektlegg inkludering, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Assistere i operasjonsstue
- Planlegge læreplaner
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Operasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagutviklingssjukepleiar, Fagsykepleier, Operasjonsavdeling, Øyeavdelingen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442017849
- Sist endret



