Rådgjevar/seniorrådgjevar (jurist) - forureining
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 15.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og løyse viktige miljøutfordringar?
Statsforvaltaren i Vestland søkjer ein engasjert jurist til ei spennande stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar innan forureining.
Vi styrkjer laget vårt og søkjer ein jurist som vil bidra til betre vassmiljø, god forvaltning og rettstryggleik i avløpssektoren. Du vil jobbe med miljøfag, regelverk og nye nasjonale føringar, og tett på kommunane.
Som forureiningsstyresmakt har Statsforvaltaren ansvar for sakshandsaming, tilsyn og rettleiing etter forureiningslova og forureiningsforskrifta. Avløpssektoren går interessante år i møte med innføring av nytt avløpsdirektiv og implementering av regelverket i Norge.
Hos oss får du ein variert og spennande jobbkvardag med faglege utfordringar og høve til eiga utvikling i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Forureiningsseksjonen har for tida 18 tilsette fordelt på kontora våre i Leikanger og Bergen. Stillinga vil ha kontorstad i Bergen eller i Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming av utsleppssøknader og endring av eksisterande utsleppsløyve.
- Rettleiing om miljøregelverket og dialog med kommunar og andre offentlege og private aktørar.
- Oppfølging av brot på forureiningsregelverket.
- Behandling av klagesaker.
- Kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar.
Stillinga vil primært bli tillagt oppgåver innanfor avløpsfeltet, men andre oppgåver innan fagområda til forureiningsseksjonen er også aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Cand. Jur. / master i norsk rettsvitskap
- Gode kommunikasjonsevner med god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)
- Kunnskap om miljørett er ein fordel
- God oversikt over lovverk, verkemiddel og nasjonal politikk på forureiningsområdet er ein fordel
- Erfaring frå offentleg forvaltning eller bransje er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er strukturert og sjølvstendig
- tek intiativ og har gjennomføringsevne
- har god vurderingsevne og rolleforståing
- har gode samarbeidsevner, godt humør og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
- har engasjement for miljøforvaltning og miljøspørsmål
Ved vurdering av formelt kvalifiserte kandidatar vil personleg eigenskapar bli vektlagt.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Forskrifter
- Forurensningsloven
- Juridisk kompetanse
- Juss
- Kjennskap til lovverk og regelverk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Flere arbeidssteder: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljøutfordringar, jurist, forureining, vassmiljø, forvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457520514
- Sist endret


