HMS-Koordinator
Engebø Rutile and Garnet
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Er du den som får tryggleik, struktur og folk til å spele på lag?
Om stillinga:
I Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er vi no på jakt etter ein HMS-ressurs som både har oversikt, gjennomføringsevne og eit hjarte for mennesker og tryggleik. I denne rolla blir du ein nøkkelperson i å sikre at alle tilsette har eit trygt og godt arbeidsmiljø som samsvarar med gjeldande lover, forskrifter og standardar, og som gir rom for trivsel, tryggleik og utvikling. Som HMS-koordinator blir du bindeleddet mellom praksis og prosedyrar, og ein viktig støttespelar for både leiarar og operatørar i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
Godkjenne og kontrollere arbeidstillatingar og SJA-ar
Utføre regelmessige HMS-inspeksjonar og vernerunder
Identifisere, rapportere og følge opp avvik, tiltak og forbetringsområde
Følge opp underleverandørar sitt HMS-arbeid
Halde opplæring for tilsette i HMS, relevante regelverk og interne prosedyrer
Vere fagleg støtte for leiarar og bidra til god beslutningsstøtte
Rapportere HMS-status, hendingar og avvik til leiinga
Jobbe aktivt for å styrke, vidareutvikle og forankre HMS-kulturen vår i heile organisasjonen
Du er ein person som er trygg i faget, tydeleg i kommunikasjonen og flink til å bygge tillit. Du evnar å vere både rådgjevar og pådrivar – og du trives like godt med støv på verneskoane som med tal i rapporten. Engasjementet ditt for sikkerheit og arbeidsmiljø smittar over på andre, og du klarer å gjere HMS til noko alle vil vere med på, ikkje berre noko ein må.
Vi tilbyr
Ein sentral rolle i ei verksemd i sterk utvikling
Høve til å påverke og forme eit framtidsretta HMS-arbeid
Godt fagmiljø, dedikerte kollegaer og høg gjennomføringstakt
Konkurransedyktige vilkår
Kollegaer som tek både arbeidsmoral og godt humør på alvor
Vi vurderer søknadar og kallar inn til intervju fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Endeleg søknadsfrist er 14.12.2025.
Ferdigheter
- Ansvar for HMS
- Avviksanalyse
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Kontrahering av rådgivere og entreprenører
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Sektor: Privat
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: HMS, Rådgivning, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438758859
- Sist endret