Prosessoperatør
ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Prosessoperatør? Bli med og køyre opp eit heilt nytt prosessanlegg
På Engebø har vi bygd eit heilt nytt prosessanlegg for produksjon av rutil og granat. Oppramping av produksjonen er godt i gang, og vi treng fleire prosessoperatørar på laget.
Dette er ein jobb for deg som likar praktisk arbeid, samarbeid og tekniske utfordringar. Hos oss jobbar du både ute i anlegget og i kontrollrom, saman med eit lag som er opptatt av å få ting til å fungere, trygt, stabilt og effektivt.
Anlegget er nytt, og mykje er framleis i utvikling. Det betyr at du ikkje berre driftar eit anlegget, du er også med på å forme korleis vi jobbar framover.
Kva går jobben ut på?Som prosessoperatør vil du vere ein del av prosessteamet. Arbeidskvardagen består blant anna av:
Drift og overvaking av prosessanlegget, i kontrollrom og ute i anlegget
Oppfølging av prosessar og utstyr i produksjonen
Bidra til sikker og stabil drift
Delta i kontinuerleg forbetring av produksjon og prosess
Samarbeide tett med kollegaer i drift, vedlikehald og leiing
Vi ser etter deg som likar å jobbe praktisk, og som tek ansvar for å få jobben gjort. Du treng ikkje kunne alt frå før, men du må vere nysgjerrig og villig til å lære.
Vi trur du:
Likar å få ting ordentlig gjort og tek ansvar i kvardagen
Er løysingsorientert og ser kva som må gjerast
Har fokus på sikkerheit og gode arbeidsrutinar
Jobbar godt saman med andre, og likar å jobbe i tette team der ein bryr seg om kvarandre
Erfaring frå industri, prosess eller teknisk arbeid er ein fordel
Erfaring med IT som arbeidsverktøy
Sertifikat på truck, kran eller hjullaster er ein fordel, men ikkje eit krav
Du må kunne kommunisere godt på norsk
Du bør beherske å snakke litt engelsk
Vi har kollegaer frå fleire land, og engelsken blir brukt i kvardagen. Det viktigaste er at du kan gjere deg forstått, perfekt engelsk er ikkje nødvendig. Vi har sett ved fleire høve, at også dei som ikkje er kjempeerfarne med språk, beherskar engelsken godt med litt øving.
ArbeidstidVi har behov for operatørar både i:
dagtidsstillingar (08–16)
skiftordning med 12-timars skift og friperiodar
Hos oss blir du ein del av eit nytt og moderne prosessanlegg der mykje framleis er under utvikling. Det betyr kort veg frå idé til handling.
Du får:
eit moderne og nytt prosessanlegg
gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
moglegheit til å utvikle deg fagleg
ein arbeidsplass med sterk lokal forankring
Arbeidsstad er Engebø i Sunnfjord.
Vi vurderer søknadar fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.
Ferdigheter
- Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
- Norsk
- Overvåkingsutstyr
- Prosessovervåking
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap av Nordic Mining ASA. Vi driv ei berekraftig og innovativ mineralutvinning på Engebø i Sunnfjord, med ei av verdas største førekomstar av titanråstoffet rutil.
Vi er opptatt av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, gjennom lokale arbeidsplassar, teknologiutvikling og aktivitet i lokalsamfunnet.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, Kjemisk industri
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Energioperatør, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
prosessoperatør, prosessanlegg, drift, sikkerheit, samarbeid
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455566761
- Sist endret
