Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Bilde fra arbeidsgiver
Fristen er utløpt

Mekanikar

ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS

  • Frist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Mekanikar? Bli med og bygge mineraleventyret!

Vil du jobbe med noko som er litt større enn deg sjølv?

På Engebø bygger vi no opp eit av dei mest moderne prosessanlegga i verda. Her produserer vi rutil og granat, mineral som blir brukt i alt frå grøne energiløysingar til høgteknologisk industri.

No treng vi fleire dyktige mekanikarar på laget.

Dette er ikkje ein “vedlikehaldsjobb på autopilot”.
Her får du vere med å forme, forbedre og bygge opp eit anlegg i drift.

Kva går jobben ut på?

Som mekanikar hos oss jobbar du tett på produksjonen, der ting faktisk skjer.

Du vil blant anna jobbe med:

  • Vedlikehald og reparasjon av maskiner og prosessutstyr

  • Feilsøking og forbedring av mekaniske system

  • Hydraulikk, gir, lager og slitedelar

  • Planlagt vedlikehald og kontinuerleg forbedring

  • Jobbe saman med prosess for best mogleg drift på anlegget

Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som spelar kvarandre gode – og der erfaring frå golvet betyr noko.

Kven ser vi etter?

Vi treng både deg som er erfaren, og deg som er nyare i faget.

Det viktigaste er at du:

  • Har fagbrev

  • Er den som finn løysingar – ikkje berre peikear på problem

  • Tek ansvar og jobbar godt saman med andre

  • Har fokus på HMS og kvalitet i arbeidet

Det er ein fordel om du har erfaring med:

  • Hydraulikk og roterande utstyr

  • Knuseverk eller tungt prosessutstyr

  • Truck/kran

Kvifor velje oss?

Dette er kanskje det viktigaste, og her må vi vere ærlege:

  • Vi bygger opp noko nytt. Du får påverke korleis vi jobbar

  • Vi ønsker å gi tilsette moglegheit til å utvikle seg, og satsar på eigne folk

  • Kort veg frå idé til gjennomføring

  • Moderne anlegg og utstyr

  • Sterkt fagmiljø i vekst

Og ikkje minst:
Du vil jobbe i ei næring som blir viktigare, ikkje mindre, framover

Klar for å bli med?

Vi vurderer kandidatar fortløpande, så det er ingen grunn til å vente. Søk no, eller ta kontakt om du vil vite meir om jobben.

Ferdigheter

  • Forbedring og optimalisering av maskinene
  • Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
  • Kranteknisk kompetanse
  • Mekanisk feilsøking /vedlikehold
  • Reparasjon av maskiner

Om arbeidsgiveren

Litt om oss

Engebø Rutile and Garnet er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord og ein del av Nordic Mining.

Vi produserer mineral som verda treng – og vi gjer det med mål om å vere best i klassen på berekraft og drift.

  • Sektor: Privat
  • Antall stillinger: 3
  • Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
  • Stillingsfunksjon: Mekaniker, Mekanikk og installasjon, Mekanisk
  • Arbeidsspråk: Norsk

(1/6)

  • Bilde 1 av 6 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 6 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 6 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 6 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 5 av 6 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 6 av 6 i jobbannonse-galleriet
ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Jan Kåre Rygg
  • Stillingstittel: Formann Mekanikar
  • Mobil: 48 19 91 90
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Karen Marie Reiakvam
  • Stillingstittel: HR-Leiar
  • Mobil: 92 85 53 77
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside

166 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 457561161
  • Sist endret 29.4.2026, 20:11
Rapporter annonse