Bedriftsrådgjevar
Sparebanken Norge
- Frist 21.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og byggje Sparebanken Norge i Florø?
Om kontoret og laget
Vi held til i moderne og trivelege lokale i Florø. Kontoret består av to tilsette på bedriftsmarknad, fire på privatmarknad, to på eigedomsmekling og éin på kapitalforvaltning.
No søkjer vi ein bedriftsrådgjevar i Florø som vil vere med på den spanande satsinga vår i regionen.
Kva går jobben ut på?
I denne jobben får du ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle banken vidare i regionen. Du vil jobbe aktivt med sal og relasjonsbygging, med mål om å identifisere nye forretningsmoglegheiter og bidra til vekst. Som rådgjevar for bedriftskundane våre blir du ein viktig sparringspartnar, og du skal sikre gode kundeopplevingar gjennom tett oppfølging og skreddarsydde løysingar.
Du vil få ansvar for å byggje langsiktige relasjonar og tilby finansieringsstrukturar som er tilpassa kvar enkelt kunde sine behov. I tillegg skal du utarbeide selskaps-, marknads- og kredittanalysar, og presentere desse for bankens besluttande organ. Målet er å skape høg kundetilfredsheit gjennom god rådgjeving og nærleik til kundane.
Kven er du?
Vi ser etter deg som trivst med å byggje relasjonar og som blir motivert av å skape tillit og langsiktig samarbeid. Du er sjølvstendig, men også ein god lagspelar som bidreg aktivt inn i teamet. Du har eit proaktivt engasjement og framstår trygg og kompetent i møte med kundane. Du forstår utfordringane deira og evnar å finne gode løysingar.
Du har høgare utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med vekt på økonomi og finans. Og viktigast av alt – du er motivert og klar for å bli ein del av laget til Noregs beste sparebank.
Kva får du hos oss?
I Sparebanken Norge får du meir enn berre ein jobb - du blir ein del av noko større.Hos oss får du:
- Eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og mykje humor
- Fagleg og personleg utvikling gjennom Sterk start og interne satsingar
- Tillit, ansvar og korte beslutningsvegar
Vi satsar i Florø – og no kan du bli med på reisa!
Klar for å bli med på laget?
Er du klar til å vere med og forme framtida til Sparebanken Norge i Florø og Sogn og Fjordane? Då håpar vi å høyre frå deg! Søknader blir behandla fortløpande. Ta gjerne kontakt med Regiondirektør Bedriftsmarknad Sogn og Fjordane, Arild Sandvoll, for ein uforpliktande prat.
Arbeidsstad: Florø
Søknadsfrist: 21.11.2025
FerdigheterAI-generert
- Analysere lån
- Bedriftsrådgivning
- Finans og forsikring
- Firmaanalyse
- Forretningsutvikling
- Gjennomføre aktivt salg
- Kapitalstruktur
- Markedsanalyse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Det viktigste karrierevalget du tar, er laget du velger å spille for. Lagfølelsen avgjør om vi trives, mestrer og utvikler oss – og den bygger vi nå sterkere enn noen gang. Sammen skal vi skape Norges beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
- Sektor: Privat
- Sted: Strandgaten 17, 6900 Florø
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Nøkkelord
bedriftsrådgivning, bank, finans, rådgiver, rådgjevar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435869524
- Sist endret
