Dagleg leiar - Hans Nes Bygg AS
Hans Nes Bygg AS
- Frist 30.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie eit solid byggfirma i utvikling
Hans Nes Bygg AS søkjer ein engasjert og trygg dagleg leiar som vil vere med å utvikle selskapet vidare. Vi leverer eit breitt spekter av byggjetenester – frå einebustader og fleirmannsbustader til større prosjekt for det offentlege.
Me har eit sterkt og engasjert fagmiljø med tømrarar, anleggsmaskinførarar og lærlingar som utfører arbeid av høg kvalitet kvar einaste dag. Vi er stolte av å vere ei lærebedrift og legg stor vekt på å gi lærlingar god oppfølging og utviklingsmoglegheiter.
På kontoret på Hafslo har vi eit lite, men effektivt administrasjonsteam som støttar drifta – slik at fagfolka våre får gjort det dei er best på: å bygge solide, funksjonelle og varige bygg.
Som dagleg leiar i Hans Nes Bygg vil du ha ei sentral rolle i å vidareføre og styrkje den solide drifta vår. Du må trivast tett på både menneske, fag og økonomi – og vere trygg på kalkulering, HMS og leiing.
Ansvarsområde· Leiing og vidareutvikling av Hans Nes Bygg AS
· Økonomioppfølging, drift og resultatansvar
· Kalkulering, tilbodsskriving og oppfølging av prosjekt
· Overordna ansvar for HMS og kvalitetssikring
· Vidareutvikling av interne rutinar, struktur og system
· Personalansvar og rekruttering
· Å bidra til eit trygt, inkluderande og motiverande arbeidsmiljø
Kven er du?· Er ein trygg, jordnær og tydeleg leiar
· Har erfaring med personalleiing, drift og økonomiansvar
· Har god forståing for kalkulering og prosjektøkonomi
· Har forståing for og engasjement i HMS-arbeid
· Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig
· Har interesse for bygg- og entreprenørbransjen
· Har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
· Er motivert for å bygge vidare på det solide grunnlaget som allereie er lagt
Vi tilbyr· Ei sentral rolle i eit selskap i utvikling
· Ein variert og meiningsfull kvardag med mykje ansvar og påverknad
· Eit tett og fagleg sterkt miljø med korte beslutningsvegar
· Konkurransedyktige vilkår
· Arbeidsstad på Hafslo
Praktisk informasjonSøknadsfrist: 30. november
Kontaktperson: Hans Harald Nes
Telefon: 909 62 388
E-post: hans@hnb.no
Søknad sendast til: hans@hnb.no
Tiltreding etter nærare avtale.
Vil du vere med å utvikle framtidas bygg i Sogn – med kvalitet, tryggleik og presisjon i fokus?
Då håpar vi du sender oss ein søknad!
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Krekavegen 175, 6869 Hafslo
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
dagleg leiar, byggfirma, økonomioppfølging, kalkulering, hms
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435564553
- Sist endret


