
Drifts- og serviceteknikar
Helse Førde
- Frist 31.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Drifts- og serviceteknikar
Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar? Teknisk drift Lærdal sjukehus/ISP søkjer drifts- og serviceteknikar.
Avdelinga i Lærdal skal tilsetje ny ressurs på drift og vedlikehald av bygningsmassen som også inkluderar uteareal. Vi søkjer difor drifts- og serviceteknikar med allsidig kompetanse på denne type drift. Tilsetjing snarast etter nærmare avtale.
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt ca 8.700 m2.
Driftsavdelinga gir også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, anten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar.
Seksjonen består av 5 tilsette innan fleire fagrupper. Dette er ei spanande og utfordrande stilling som skal være med å styrke helseføretaket sin teknisk kompetanse.
Vi ønskjer eit mangfoldig arbeidsmiljø og oppfordrar både menn og kvinner til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for drift og vedlikehald av bygg og anlegg og inngå i eit tverrfagleg samarbeid hjå teknisk drift ved Lærdal sjukehus
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med forebyggande vedlikehald
- Inngår i vaktordning
- Samarbeid med andre fagressursar i seksjonen på teknisk drift
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid innan drift og vedlikehald
- Ta del i dei til ei kvar tid gjeldande oppgåver som ligg til avdelinga
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med fagbrev innan snekkar- og tømrarfaget, fagbrev innan andre fagområder kan også vere aktuelt
- Lang relevant erfaring innanfor eit eller fleire nemde fagfelt, kan kompensere for manglande formell kompetanse
- Erfaring innan drift av tekniske anlegg vil verte vektlagt
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må ha gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har god samarbeidsevne
- Du har motivasjon og interesse for arbeidet
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du arbeider målretta og strukturert
- Du er punktleg og påliteleg
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer godt og er løysningsorientert
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Drift av tekniske anlegg
- Drift og vedlikehold av tekniske anlegg
- Forebyggende vedlikehold
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Håndverkstjenester, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Håndverker, Snekker/Tømrer
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
snekkar, tømrar, elektro, teknisk, anlegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440389961
- Sist endret