Medlemsansvarlig
Visit Sognefjord
- Frist 20.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å utvikle verdas vakraste reisemål?
Visit Sognefjord søkjer ein engasjert og operativ medlemsansvarleg i 100 % fast stilling som vil styrkje Sognefjord sin posisjon som Noregs mest attraktive reisemål.
Rolla er sentral i å utvikle samarbeid med medlemsbedrifter, turoperatørar og andre aktørar, og du får ei nøkkelrolle i å skape samarbeid, salg og vekst i regionens reiseliv.
Som medlemsansvarleg set du medlemsbedriftene våre i førarsetet, bidreg til både digitalt og fysisk salg, samt til rådgiving, prosjektarbeid og kompetanseheving.
Dette blir kvardagen din
Som medlemsansvarleg vil du:
Ta leiarrolla og styrkje samarbeidet mellom medlemsbedriftene
Bygge relasjonar til eksisterande og nye medlemar, og bidra i produktutvikling
Planleggje og gjennomføre kurs, visningsturar og arrangement
Jobbe med marknadsføring, kundekommunikasjon og analyse av reiselivsdata
Følge opp turistinformasjonane og delta i salstiltak nasjonalt og internasjonalt
Støtte direktør med administrative oppgåver
Vi ser etter deg som:
Har 2–5 års erfaring frå reiseliv, marknad eller kommunikasjon, gjerne kombinert med utdanning innan reiseliv
Er trygg på CRM-system, salg og prosjektarbeid
Meistrar analyse, tal og digitale verktøy
Skriver og snakkar flytande norsk og engelsk
Vi ser etter deg som likar å jobbe i eit svært energisk miljø, er nytenkande og initiativrik.
Du må trivast med å reise mykje, og det er ein føresetnad at du ikkje har flyskrekk
Trivst i vertskapsrolla, er pedagogisk og inkluderande på ein trygg måte
Dette kan vi tilby:
Variert og sjølvstendig stilling med stor påverknadskraft
Eit sterkt fagmiljø og breitt bransjenettverk
Lønn etter kvalifikasjonar, gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontor i Sogndal med moglegheit for heimekontor ein dag i veka
Mykje reiseaktivitet og sjansen til å oppleve Sognefjord på nært hald
Søknadsfrist: 20. januar 2026
Send søknad, CV og referansar til: knut.asebo@gmail.com
Ferdigheter
- Engelsk
- Grundig erfaring fra reiseliv
- Norsk
- Planleggingsevne
- Utdanning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Visit Sognefjord AS er reisemålsselskapet for Sognefjord-regionen, med om lag 200 medlemsbedrifter, sju kommunar som eigarar og fire faste tilsette. Selskapet har ansvar for profilering, marknadsføring og sal av reiselivsprodukta og reisemålet i alle aktuelle marknadssegment i Noreg, Europa, Asia og USA. Vi jobbar både mot forbrukarmarknaden, leisure-bransjemarknaden og MICE/forretningsmarknaden, og er ein Miljøfyrtårn-bedrift.
- Sektor: Privat
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Markedsføring og annonsering, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
reiseliv, marknadsføring, kommunikasjon, medlemsansvarleg, salgskonsulent
Foto: Siri Tautra (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442004103
- Sist endret
