Rekneskapsrådgjevar
Helse Førde
- Frist 23.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Rekneskapsrådgjevar
Vil du vere med og forme framtidas rekneskapsfunksjon i Helse Førde?
Vi søkjer ein utviklingsorientert og fagleg sterk rådgjevar som vil vere med på å vidareutvikle rekneskapsområdet i ei tid prega av digital omstilling og høge krav til kvalitet og effektivitet.
Rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Førde, som samla har om lag 25 tilsette. Seksjonen har ansvar for rekneskapsføring, innkjøp og kvalitetssikring av økonomisk dokumentasjon i tråd med avtalar og gjeldande regelverk.
Vi samarbeider tett med dei andre helseføretaka i regionen for å sikre gode og effektive prosessar. Vi nyttar rekneskapssystemet SAP som økonomisystem med integrerte løysingar for innkjøp og logistikk, samt DIPS og Sectra som pasientsystem.
Vi ser etter deg som vil bidra til å styrke vårt fagmiljø, og som trivst med varierte rekneskapsoppgåver i eit inkluderande og kompetent team.
Velkommen til oss i Helse Førde!
Arbeidsoppgåver
- Rådgiving og utvikling: Fagleg støtte til rekneskapssjef og økonomifunksjonen, rutineutvikling, kompetanseheving, prosjektarbeid
- Operative oppgåver: Bilagsbehandling og bokføring, avstemming av balansepostar, oppfølging av rekneskapsrelaterte spørsmål i tråd med regelverk og god rekneskapsskikk
- Digitalisering og effektivisering: Bidra til utvikling og innføring av digitale løysingar
- Ansvar ved fråvær: Vikar for rekneskapssjef ved behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan økonomi/rekneskap, minimum bachelornivå
- Erfaring frå rekneskapsarbeid, gjerne med ansvar for rekneskap frå A til Å
- Erfaring som kundeansvarleg, fagansvarleg eller rådgjevar innan rekneskap er ein fordel
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- God systemforståing og interesse for digitalisering og prosessforbetring; erfaring med SAP S/4HANA er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og utviklingsorientert
- Sjølvstendig, men samarbeidsorientert
- Utadvendt og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Fagleg engasjert og interessert i teknologi og digitale løysingar
Kvifor skal du velge oss ?
- Moglegheit til å ta ansvar for utvikling av arbeidsprosessar, bruk av teknologi og fagleg vidareutvikling
- Varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg fordjuping
- Tverrfagleg samarbeid med klinikkar og regionale fagmiljø
- Sterkt kompetansemiljø og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og lønn etter avtale
- Gode pensjonsvilkår gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Anskaffelser
- Bruke regnskapssystemer
- Digitalisering
- Kontinuerlig forbedringsarbeid
- Regnskap og bokføring
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
regnskap, økonomi, rådgiving, bokføring, digitalisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434242614
- Sist endret