FINNJobbSøkMøre og RomsdalUlstein
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS logo
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Gjenvinningsoperatør

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Ulsteinvik
  • Søknadsfrist 13.9.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Rettleie og hjelpe kundar på miljøstasjonar, operatør i vekta og kvalitetssikring av avfallsfraksjonar.

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev i gjenvinningsfaget er ønskeleg
  • Førarkort klasse B
  • Truckførarbevis er eit pluss
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Gjenvinningsoperatør ved miljøstasjon

SSR leitar etter deg som ønskjer å hjelpe kundane våre med å levere avfall på rett plass, trivst med ein aktiv arbeidskvardag og har interesse for ein avfalls- og gjenvinningsbransje i stadig utvikling.

Du får desse oppgåvene:

  • Rettleie og hjelpe kundar på miljøstasjonane i Saunesmarka, Mjølstadneset og Myklebustmyrane.

  • Operatør i vekta ved behov.

  • Kvalitetssikring av enkelte avfallsfraksjonar.

  • Andre arbeidsoppgåver etter behov.

Du har desse kvalifikasjonane:

  • Fagbrev i gjenvinningsfaget er ønskeleg, men ikkje eit krav. SSR kan legge til rette for at du får ta fagbrev i gjenvinningsfaget.

  • Førarkort klasse B. Truckførarbevis er eit pluss.

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

  • Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering.

  • God fysisk helse.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig med gode samarbeidsevner.

  • Utadvendt, engasjert, fleksibel og serviceinnstilt.

  • Strukturert og ryddig, med gode haldningar til HMS.

  • Kundevenleg, systematisk og nøyaktig.

Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Vi tilbyr:

  • Ei allsidig stilling i ein spennande og framtidsretta bransje.

  • Nye og moderne anlegg.

  • Lønn etter avtale.

  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.

Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.

Send søknad og CV på e-post til: rune@reinhaldsverket.no.

Søknadsfrist: 13. september 2026.

Om arbeidsgiveren

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt selskap med hovudbase i Ulsteinvik. Selskapet har ansvaret for avfallshandteringa til om lag 25 000 innbyggjarar i kommunane Herøy, Hareid, Sande og Ulstein. Målet er å sikre ei miljøvenleg, effektiv og forsvarleg avfallshandtering i tråd med gjeldande forskrifter og regelverk.

Med tre miljøstasjonar og ca. 40 tilsette, arbeider vi dagleg med å legge til rette for at mest mogleg av det som blir kasta i området vårt, blir gjenvunne.

  • Sted: Smårisevadet 20, 6065 Ulsteinvik
  • Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
  • Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Kundeservice, Truckfører

Nøkkelord

gjenvinning, miljøstasjon, avfallshåndtering, kundeservice

Spørsmål om stillingen

RT

Rune Tarberg

Driftsleiar

Firmaets beliggenhet

Smårisevadet 20, 6065 Ulsteinvik

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen

1 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473958488
  • Sist endret: 20.8.2026, 14:41
  • Org.nr.: 987570970Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse