Driftsteknikar / røktar
- Søknadsfrist 14.9.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Driftsteknikar / røktar søkes til moderne settefiskanlegg
Er du praktisk anlagt, oppteken av fiskevelferd og interessert i moderne akvakultur? Då kan dette vere stillinga for deg.
Dette får du hjå oss
- Ein variert og praktisk arbeidskvardag
- Arbeid med moderne produksjonsteknologi
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar
- Høve til å påverke og bidra til vidare utvikling
- God opplæring og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Dagleg røkting, fôring og oppfølging av fisk
- Overvaking av fiskevelferd, vasskvalitet og produksjonsmiljø
- Reinhald og vedlikehald av kar, utstyr og produksjonsområde
- Prøvetaking, registrering og dokumentasjon
- Kontroll og oppfølging av tekniske anlegg
- Deltaking i internkontroll, kvalitetsarbeid og HMS
- Førebygging og handtering av avvik
- Andre oppgåver knytte til den daglege drifta av anlegget
- Stillinga inngår i vaktordninga.
Vi ser etter deg som
- Har fagbrev i akvakulturfaget eller anna relevant utdanning eller erfaring
- Har interesse for fiskevelferd, biologisk produksjon og teknisk drift
- Er praktisk anlagt og har god teknisk forståing
- Arbeider sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt
- Samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Er løysingsorientert og tek initiativ
- Har gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Har førarkort klasse B
Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi oppmodar også nyutdanna og personar med relevant praktisk bakgrunn frå andre fagområde til å søkje. Den rette personen får nødvendig opplæring.
Klar for å søkje?
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte: Cliff Hasfjord, driftsleiar Telefon: 474 55 001 Send søknad og CV til: cliff.villasmolt@tussa.com Søknadsfrist: 14. september 2026 | Tilsetjing etter avtale Vi ser fram til å høyre frå deg!
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Villa Smolt AS driv settefiskproduksjon på Moltustranda i Herøy kommune. Anlegget består av tre avdelingar med gjennomstrøyming, gjenbruk og RAS-teknologi. Vi har konsesjon for produksjon av inntil fem millionar smolt årleg og arbeider målretta med kvalitet, fiskevelferd, driftstryggleik og berekraftig produksjon.
Villa Smolt AS er ein del av AGAQUA-konsernet og er GLOBALG.A.P.-sertifisert.
- Sted: 6076 Moltustranda
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Annet
Nøkkelord
driftsteknikar, røktar, settefiskanlegg, akvakultur
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474081157
- Sist endret:
- Org.nr.: 986431446Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


