Teamleiar - Hareid
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN
- Søknadsfrist 30.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie og utvikle eit sterkt fagmiljø på Hareid?
Vil du leie og utvikle eit sterkt fagmiljø på Hareid?
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN er ein del av det største finanskonsernet i Midt-Noreg og ein leiande leverandør av rekneskapstenester, økonomirådgiving og rapporteringsløysingar. No ser vi etter ein trygg og engasjert teamleiar som ønskjer å vere med på å vidareutvikle kontoret vårt på Hareid.
Som teamleiar får du personalansvar for seks medarbeidarar og ei viktig rolle i den vidare utviklinga av kontoret. Du blir òg ein del av det lokale leiarteamet på Søre Sunnmøre, saman med marknadsområdeleiar og teamleiar for kontora i Ørsta og Volda. Vi trur det er viktig at du blir motivert av å skape gode rammer for både medarbeidarar og kundar, bidra til fagleg utvikling og leggje til rette for eit sterkt lag som leverer høg kundeverdi.
Dei viktigaste ansvarsområda dine
Du vil mellom anna:
- leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane på kontoret
- bidra til høg fagleg kvalitet, gode arbeidsprosessar og eit godt arbeidsmiljø
- vere ein synleg og tilgjengeleg leiar i den daglege drifta
- utvikle sterke kunderelasjonar og bidra til gode kundeopplevingar
- samarbeide tett med andre kontor og fagmiljø i Regnskapshuset SMN
- bidra til digitalisering, utvikling av tenestene våre og kontinuerleg forbetringsarbeid
- representere selskapet og byggje relasjonar i lokalt næringsliv
- vere ein pådrivar i samarbeidet med andre einingar i selskapet og bidra til å realisere samvirkepotensialet i konsernet
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som trivst med å leie og utvikle andre, og som blir motivert av å skape resultat saman med teamet ditt. Du er relasjonssterk, tillitsskapande og evnar å kombinere tydelegheit med omsorg.
Vi trur du vil lukkast godt hos oss dersom du:
- har erfaring frå rekneskap, økonomi, rådgiving eller liknande verksemd
- har leiarerfaring, eller eit ønske om å ta steget inn i ei leiarrolle
- har god forståing for korleis teknologi og digitalisering påverkar kundearbeid og leveransar
- er strukturert, skaper framdrift og byggjer gode relasjonar
- blir motivert av å utvikle menneske og fagmiljø
- har relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller leiing. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Kva tilbyr vi?
Hos oss får du ei spennande leiarrolle med stor grad av tillit og handlingsrom. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider på tvers av fagområde for å skape verdi for kundane våre.
I tillegg tilbyr vi:
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- personalbank med svært gode vilkår på lån og forsikring
- gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert AFP
- moglegheit til å bli medeigar i SpareBank 1 SMN gjennom ansattprogrammet vårt
- ein trygg og solid arbeidsgivar med fokus på mangfald, inkludering og berekraft
- sosiale arrangement, aktivitetar og tilgang til firmahytter
Klar for å bli ein del av laget vårt?
Vi ønskjer ein enkel og smidig rekrutteringsprosess. Du treng ikkje å skrive søknadsbrev. Det held at du svarar på nokre korte spørsmål i søknadsportalen og lastar opp CV.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med marknadsområdeleiar Synnøve Hovdenakk på telefon 905 17 360.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Ferdigheter AI-generert
- Finansiell og økonomisk rådgivning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi skal bidra til bærekraftige lokalsamfunn
SpareBank 1 SMN-konsernet er Midt-Norges ledende finanskonsern. Vi hjelper deg med alt fra privatmarked og bedriftsmarked til eiendomsmegling og regnskap. Lokalsamfunnet er vår største eier, og får sin del av bankens overskudd. Dette kaller vi samfunnsutbytte, og hvert år bidrar samfunnsutbyttet til små og store formål som skal gjøre Midt-Norge til en enda bedre plass å bo.
Bærekraft
Sosialt ansvar og bærekraft er viktige fokusområder for hele SpareBank 1 SMN-konsernet. Det lokale er spesielt viktig, men vi tenker også nasjonalt og globalt. Vi jobber bredt med FNs bærekraftsmål og følger FNs prinsipper for ansvarlig bankdrift.
Framover skal vi fortsette å ha et aktivt og ansvarlig forhold til bærekraft. Vi skal være en del av løsningen og en proaktiv alliert i omstillingen til et mer bærekraftig samfunn. Vi er opptatt av likestilling og mangfold internt, og gjennom rådgivning, produkter og tjenester skal vi styrke økonomisk likestilling i samfunnet.
Mangfold
Mangfold er en styrke på arbeidsplassen. Derfor oppfordrer vi folk med ulik kompetanse, livserfaringer, perspektiver, alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting til å søke på våre stillinger.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandgata 89, 6060 Hareid
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Regnskap, Revisjon
Nøkkelord
Teamleiar, Teamleder, Ledelse, Regnskap, Økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 472133029
- Sist endret:
- Org.nr.: 936285066Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)




