Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Seniorrådgjevar

Vestland fylkeskommune

  • Søknadsfrist 16.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Seniorrådgjevar/prosjektleiar

Ønsker du å påverke framtidas mobilitetsløysingar i Vestland og fylle kvardagen med samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for deg. Skyss jobbar aktivt med å tilby våre kundar eit godt og berekraftig reisetilbod med buss, bybane, båt og ferje i Vestland, og tenestene vert utført av operatørselskap som Skyss har avtale med.

Vi har no ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar/prosjektleiar. Stillinga inneber mellom anna å ha prosessansvar for transportanskaffingar i Skyss.


Arbeidsoppgåver

Vår nye seniorrådgjevar/prosjektleiar vil spele ei sentral rolle i å realisere Skyss sine strategiar. Hovudvekta av arbeidet vil vere prosjektleiing, ved anskaffingar av tenestekontraktar for buss, båt og ferje. Anskaffingsprosjekta i Skyss er ofte langvarige og komplekse og krev tydeleg prosessleiing og god samhandling med ulike kompetansemiljø. Ein vesentleg del av rolla er planlegging av aktivitetar og koordinering av dei ulike fagavdelingane som bidreg inn i prosjekta. Vidare vil du utarbeide konkurransegrunnlag, sikre nødvendige strategiske avklaringar og politisk forankring, samt gjennomføre marknadsdialog og delta aktivt i bransjesamarbeid.

Resultatet av arbeidet er kontraktar som sikrar innbyggjarane i Vestland berekraftige transporttenester av høg kvalitet.

Kvalifikasjonar

Vi søker deg

  • med høgare relevant utdanning på masternivå – som kan vise til gode resultat i utdanning og arbeid

  • med erfaring innan prosjekt- /prosessleiing av komplekse prosjekt

  • med kompetanse og erfaring innan offentlege anskaffingar

Det er ein fordel om du kan vise til

  • sertifisering innan prosjektleiing

  • kontraktskompetanse

  • juridisk kompetanse

Vi ser etter deg som har evne til å omsette strategiske mål til konkrete aktivitetar og resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må ha evne til å leie kunnskapsmedarbeidarar innanfor ulike fagfelt, og sjå samanhengane mellom fagfelta i ein større heilskap. Du handterer krevjande situasjonar med godt pågangsmot, og tek nødvendige avgjerder som fører prosjektet vidare, innanfor rammene av mandatet ditt og ofte innan korte tidsfristar. Du må stå stødig i hektiske periodar og pårekne noko arbeid utover normal arbeidstid i periodar. I denne rolla vil du få høve til å ta ansvar og bidra aktivt, i eit miljø prega av tillitt og samarbeid.

Du må i tillegg ha sterk formidlingsevne, skriftleg og munnleg, og aktivt bruke dine relasjonelle eigenskapar til å skape positive prosessar og samarbeid – både eksternt og internt. I tillegg må du vere strukturert, open, fleksibel og engasjert. Du bør også ha interesse for politiske prosessar. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne stillinga.

Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!

Vi tilbyr:

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad

  • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer som har brei og variert fagbakgrunn

  • Ein sosial og inkluderande arbeidsplass

  • Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg

  • Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor

  • Løn etter avtale

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk

  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder

  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Ferdigheter
AI-generert

  • Lede utviklingsprosesser
  • Offentlige anskaffelser

Om arbeidsgiveren

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Lars Hilles gate 22, 5020 Bergen
  • Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
  • Stillingsfunksjon: Prosjektledelse, Rådgivning
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

kollektivtransport, prosjektledelse, rådgivning, samferdsel, skyss

Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Karl Inge Nygård
  • Stillingstittel: leiar
  • Mobil: 93 08 89 71
Send SMS
  • Bli kjent med Vestland Fylkeskommune Skyss
  • Flere stillinger fra Vestland Fylkeskommune Skyss

14 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Lars Hilles gate 22, 5020 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469140733
  • Sist endret 7.7.2026, 09:17
Rapporter annonse