Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Rådgjevar

Vestland fylkeskommune

  • Frist 10.08.2026
  • Ansettelsesform Engasjement

Rådgjevar

Vil du hjelpe gründerar med å lukkast?
Etablerersenteret i Vestland søkjer ein medarbeidar for eit engasjement i perioden 01.01.2027–31.12.2028.
Etablerersenteret er førstelinjetilbod for dei som vil starte eller utvikle eiga bedrift. Etablerersenteret er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og eigarkommunane. Som ein del av det offentlege støtteapparatet for entreprenørskap i fylket, er Etablerersenteret ein sentral møteplass der gründerar får praktisk hjelp, kompetanse og rettleiing tidleg i prosessen. Som ein del av Etablerersenteret blir du ein viktig del av arbeidet med å få fleire til å starte bedrift – og auke sjansen for at dei lukkast over tid. Du vil jobbe tett på gründerar i ulike fasar. Kontorstaden er Vestlandshuset i Bergen.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:

  • individuell rettleiing av gründerane
  • dialog med kommunar, næringslivsaktørar og resten av verkemiddelapparatet
  • halde presentasjonar
  • skrive tekster for rapporter og anna
  • analysearbeid
  • det kan bli anna arbeid knytt til oppgåvene på Etablerersenteret

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurderte for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar.
  • relevant arbeidserfaring
  • høg fagkompetanse innan innovasjon og næringsutvikling
  • kunnskap om førstelinjetjeneste og offentleg sektor
  • erfaring med å lede fysiske og digitale workshops og samlinger
  • gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig
  • erfaring frå rettleiing

Det er ein fordel med:

  • gründerbakgrunn – og gjerne erfaring med å etablere eiga bedrift

Personlege eigenskapar

Du er:

  • ein lagspelar som initierer og utviklar kompetanse, samarbeid og relasjonar, og som synleggjer og deler kunnskap og erfaringar
  • ein som vil løfte andre og er opptatt av verdiskaping og rolla som samfunnsbyggjar.
  • har høg integritet og stort engasjement
  • sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik
  • ein dyktig formidlar, som trivs godt i rollen som fasilitator og rettleiar
  • har fagleg autoritet og varme

Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Ferdigheter
AI-generert

  • Utføre dataanalyse

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Lars Hilles gate, 5008 Bergen
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Rådgivning
  • Arbeidsspråk: Norsk
Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Sandra Haugland
  • Stillingstittel: Seniorrådgjevar
  • Mobil: 92 66 92 03
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Heidi Bjønnes Larsen
  • Stillingstittel: leiar
  • Mobil: 99 61 38 68
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Vestland fylkeskommune

1577 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Lars Hilles gate, 5008 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 468486791
    • Sist endret 30.6.2026, 08:31
    Rapporter annonse