Spesialrådgjevar
Trygg Trafikk
- Frist 02.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Spesialrådgjevar Trygg Trafikk Vestland
Trafikktryggleik for alle
Vil du bidra i arbeidet for nullvisjonen og målet om at færrast mogleg skal bli hardt skadde i trafikken?
Trygg Trafikk er ein ideell organisasjon som arbeider for å oppnå best mogleg trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, og er ein av hovudaktørane i trafikktryggleiksarbeidet både nasjonalt og på fylkesnivå. Trygg Trafikk vart oppretta i 1956 og har organisasjonar, fylkeskommunar, kommunar og bedrifter som medlemmer. Vi er om lag 55 medarbeidarar, der 15 er tilsette som regionleiarar i fylka. Hovudkontoret vårt ligg i Oslo. I Vestland har vi kontorplassar i Bergen, Leikanger og på Voss. Kontorstad for denne stillinga vert avtalt nærare. For meir informasjon om Trygg Trafikk, sjå www.tryggtrafikk.no (https://www.tryggtrafikk.no/).
Om rollen
Spesialrådgjevaren skal bistå regionleiaren i Trygg Trafikk Vestland med å sikre at trafikkopplæring og informasjon om trafikktryggleik vert gjennomført som ledd i ein samordna innsats mot trafikkulykkene. Spesialrådgjevaren skal bidra i arbeidet med å nå hovudmåla til Trygg Trafikk, som er å:
- vere pådrivar i arbeidet for ein trafikksikker oppvekst for barn og unge
- bidra til at trafikantane tek trygge val i trafikken
- sikre at trafikktryggleik er eit felles samfunnsansvar for alle forvaltningsnivåa
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å
- vere pådrivar overfor kommunane og fylket for å sikre tverrfagleg arbeid med trafikktryggleik
- sikre ivaretaking av trafikkopplæring og trafikktryggleik i vidaregåande skule, grunnskular og barnehagar
- planleggje og gjennomføre trafikantretta trafikktryggleikstiltak
- gjennomføre kampanjar for auka bruk av tryggingsutstyr
- publikumskontakt
- andre oppgåver i samarbeid med regionleiar Vestland
Vi søkjer deg som
- ønskjer å bidra i arbeidet med å redusere talet på hardt skadde og drepne i trafikken
- har god forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar
- har erfaring frå pådrivar- eller formidlingsarbeid
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og meistrar begge målformer
- har kjennskap til trafikktryggleik som fagfelt
- er sjølvstendig, med evne til å arbeide i team og i prosjekt
- er god på relasjonsbygging og har erfaring med tverrfagleg samarbeid
- er initiativrik, målretta og strukturert
Høgare utdanning er ein fordel.
Vi tilbyr
- ein sjølvstendig og utfordrande jobb
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- varierte arbeidsoppgåver
- dyktige kollegaer over heile landet
- løn etter avtale
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode forsikringsordningar
Det må reknast med noko reiseverksemd.
Sammen om en tryggere fremtid
Trafikksikkerheten er summen av en lang rekke faktorer, men den viktigste er oss mennesker. Alle de små og store valgene du og jeg tar hele tiden - hver gang vi ferdes, det kan vi gjerne kalle trafikksikkerhetsarbeid.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=07YpNfLxY10
Generell informasjon
Kontorplassering etter avtale: fortrinnsvis Bergen eller Leikanger.
Spørsmål om stillinga kan rettast til regionleiar Vestland Knut Olav Nestås, tlf. 412 06 132, eller avdelingsleiar Knut Skjetne, tlf. 952 53 114.
Søknadsfrist er 2. august 2026
FerdigheterAI-generert
- Offentlig administrasjon og forvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Trygg Trafikk er opptatt av mangfold, og oppfordrer kvalifiserte kandidater til å søke uansett alder, kjønn, kulturell eller etnisk bakgrunn
- Sektor: Privat
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5020 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: HMS, Prosjektledelse, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468678702
- Sist endret

