Organisasjonssjef i Vestland
Norges Bondelag
- Frist 13.8.2026
- Ansettelsesform Fast
NORGES BONDELAG søker organisasjonssjef - den mest spannende jobben for landbruket i Vestland
Vestland er eit stort landbruksfylke kjenneteikna av ein variert topografi og bruksstruktur. Grovforbasert husdyrhald med aktivt beitebruk pregar jordbruket. Saman med dei kraftforbaserte husdyrproduksjonane og ein vesentleg produksjon av frukt, bær, potet og grønsaker gjer dette Vestland viktig for Norge sin samla matproduksjon og beredskap. Landbruksnæringa legg grunnlaget for ein variert og viktig næringsmiddelindustri, med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar. Landbruket er ein viktig del av Vestland sitt grøne næringsliv, og Vestland Bondelag har ei nøkkelrolle i å ivareta vestlandsbonden sine interesser.
Vestland Bondelag har om lag 7000 medlemmer, 70 lokallag og eit offensivt fylkesstyre.
Vi er til samen fem fast tilsette og har kontor i Bergen og Førde.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
næringspolitisk og fagleg verksemd
organisasjonsarbeid og bistand til fylkes- og lokallag
kontakt med statlege og fylkeskommunale forvaltningsorgan
samarbeid med organisasjonane i landbruket
medie- og politikarkontakt
drift av fylkeskontorene
Vi søkjer ein person som har god kjennskap til landbruket og organisasjonane i næringa, og som har interesse for landbruket. Du har stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner, engasjement og evne til å arbeide sjølvstendig. At du er utåtvend og i godt humør, set vi òg pris på. Du bør ha høgare utdanning og/eller relevant erfaring innan landbruk eller organisasjonsarbeid.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, noko reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig løn.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte fylkesleiar Jan Erik Fløtre på tlf. 911 03 118, Elin Røed på tlf. 928 18 333 eller personalsjef Catharina Andersen på tlf. 905 15 152.
Søknad med CV sender du innan søknadsfristen 13. august 2026 til stilling@bondelaget.no.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Norges Bondelag er en organisasjon for både bønder og alle andre som synes at norsk matproduksjon er viktig. Norges Bondelag arbeider for å bedre vilkårene for landbruket og synliggjøre landbrukets betydning for samfunnet. Vi har ca. 59.000 medlemmer fordelt på mer enn 500 lokallag. Det er 95 ansatte i organisasjonen, hvorav 48 ved hovedkontoret i Hollendergata i Oslo og 47 fordelt på våre 17 distriktskontorer.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Fjellvegen 11 i Førde og Kokstadflaten 36 i Bergen, 5257 Kokstad
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Annet, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
landbruk, organisasjonsarbeid, næringspolitikk, faglig arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468487783
- Sist endret

