Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Luster
Bilde fra arbeidsgiver

Rådgjevar ved politisk sekretariat

Luster kommune

  • Frist 9.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Interesse for politikk og lokaldemokrati?

Luster kommune har ledig ei spennande 100 % fast stilling som rådgjevar for politisk sekretariat.

Vi søkjer deg som har interesse for politikk, lokaldemokrati og forvaltning. Som rådgjevar for politisk sekretariat vil du ha ansvaret for å legge best mogeleg til rette for den politiske aktiviteten i Luster kommune, og vere ein koordinerande ressurs for ordførar og kommunedirektør. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Bidra aktivt i planlegging, gjennomføring og oppfølging av all politisk møteaktivitet, med ansvar for dokumenthåndtering, innkallingar, referatføringar og oppfølging av politiske vedtak etter møta. Møta er på dagtid

  • Utarbeide og følgje opp rutinar og system for den politiske aktiviteten og koordinering med administrativ leiing

  • Gje råd og rettleiing knytt til politisk sakshandsaming og oppfølging av reglement

  • Ha tett dialog med administrative leiarar og sakshandsamar knytt til politisk møtesekretariat

  • Ansvarleg for gjennomføring av stortingsval, fylkesting- og kommuneval

  • Gjennomføre sakshandsaming til råd, utval, kommunestyre og for administrativ leiing

  • Delta i utvikling og digitaliseringsarbeid

Om arbeidsstaden

Administrativ leiing held til i rådhuset lokalisert til tettstaden Gaupne, og med kort veg til nabokommunen Sogndal som også har flyplass. 

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning, gjerne juridisk eller samfunnsvitskapleg

  • God kjennskap til offentleg forvaltning

  • Erfaring frå offentleg forvaltning og relevant lovgjeving er ønskjeleg

  • God rolleforståing og kjennskap til forholdet mellom politikk og administrasjon

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt høgt

Personlege eigenskapar

  • Du må ha interesse og forståing for politikk, lokaldemokrati og forvaltning

  • Du er strukturert og systematisk

  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst

  • Du samarbeider med alle, og har ein god skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • Du er ein trygg og tillitsskapande person

  • Du er serviceinnstilt, fleksibel og effektiv i arbeidet

Vi tilbyr

  • Spanande utfordringar

  • Mogelegheit for fagleg utvikling i eit positivt arbeidsmiljø

  • Løn etter kvalifikasjonar og gode pensjons – og forsikringsordningar

Ferdigheter

  • Administrativ ledelse
  • Digitalisering
  • Dokumentasjonsforvaltning
  • Forvaltningsarbeid - Kommunalt
  • Kjennskap til lovverk og regelverk
  • Offentlig administrasjon og forvaltning

Om arbeidsgiveren

Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg.

Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Politisk rådgiver
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

politikk, lokaldemokrati, offentleg forvaltning, sakshandsaming

Luster kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Jon Bolstad
  • Stillingstittel: kommunedirektør
  • Mobil: 93 24 31 52
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Anita Bjørk Ruud
  • Stillingstittel: Fagansvarleg for politisk sekretariat
  • Mobil: 97 64 81 85
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Luster kommune

2 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467777201
  • Sist endret 23.6.2026, 11:26
Rapporter annonse