Fast stilling rådgjevar landbruk
Voss herad
- Frist 05.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye rådgjevar?
Kort om stillinga:
Me søkjer ein engasjert og motivert rådgjevar til ei spanande og variert stilling innan landbruk. Som rådgjevar vil du jobbe tett opp mot bønder/ skogeigerar og i samspel med andre aktørar innan landbruksnæringa. Du vil bidra til bærekraftig og god ressursforvaltning og vere med å utvikle landbruket i Voss.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og rådgjevingsoppgåver mot næringa
- Oppfølging av ulike tilskotsordningar
- Sakshandsaming etter særlovene i landbruket
- Utvikling av landbruket på Voss inn i framtida
- Avhengig av bakgrunn og kompetanse, kan oppgåver innan generell næringsutvikling i heradet vere aktuelt
Me ynskjer at du har:
- Relevant høgare utdanning innan landbruksrelaterte fag
- Realkompetanse frå rådgjeving i privat sektor og/eller offentleg forvaltning kan kompensere for manglande høgare utdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk, heradet nyttar nynorsk som målform
- Gode samarbeidsevner, men samstundes kan arbeide sjølvstendig og er målretta og strukturert
- Motivasjon og engasjement i arbeidet og er ein fleksibel medarbeider som er løysingsorientert i eit tverrfagleg miljø
Me tilbyr
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver med stor kontaktflate mot næringa
- Viktig rolle i utviklinga av landbruket på Voss
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
- Eit godt tverrfalgeg og sosialtarbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og vilkår etter avtale.
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å
søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både
når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved
elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert
ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
FerdigheterAI-generert
- Landbruksrådgivning
- Nynorsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Uttrågata 9, 5700 Voss
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
rådgivar, rådgiver, landbruk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467866241
- Sist endret

