Ledig 100 % fast stilling som leiar ved Nav Vik
Vik kommune NAV
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Me har ledig 100 % fast stilling som leiar ved Nav Vik frå 01.06.26. Kommunen har vedteke å inngå i eit nytt vertskommunesamarbeid, som på sikt vil innebere endringar i stillinga.
Nav Vik er i ei spanande utviklingsfase prega av modernisering, endring og tettare samarbeid med både kommunen, næringslivet og andre aktørar. Vi søkjer ein engasjert og trygg leiar som kan sikre stabil drift i overgangsperioden, og som ønskjer å vidareutvikle dei positive prosessane som allereie er godt i gang.
Nav Vik er eit partnarskap mellom Nav Vestland og Vik kommune. Leiaren skal ha det faglege og administrative ansvaret, og har ansvar for medråderett i kontoret i begge styringslinjene. Den viktigaste oppgåva er å sikre gode og heilskaplege tenester for einskildpersonar og næringsliv, og å bidra til samfunnet sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking. Samarbeid på tvers av kommunar vil framover bli avgjerande for å vidareutvikle tenestene og for å bli ein synleg og løysingsdyktig samfunnsaktør.
Kontoret i Vik har i dag om lag 5,2 årsverk. I tillegg til den statlege tenestemenyen har kontoret ansvar for tenester heimla i sosialtenestelova, Husbanktenester til privatpersonar samt flyktningteneste med ansvar for busetjing, integrering og introduksjonsordning.
Kva går jobben ut på?
- fag-, personal-, budsjett- og resultatansvar
- sikre effektiv drift og utvikling av velferdstenestene
- leie endrings- og forbetringsprosessar, inkludert digitalisering
- etablere og vidareutvikle tett kontakt med næringslivet lokalt og regionalt
- sikre tidleg innsats for prioriterte brukargrupper
- sikre samhandling og heilskap i tenestene
- systematisk HMS-arbeid og inkluderande arbeidsliv
Kommunen har vedteke å inngå i eit nytt vertskommunesamarbeid, som på sikt vil innebere endringar i stillinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå, til dømes sosialfag, administrasjon og leiing, samfunnsvitskaplege fag. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- erfaring med leiing og partssamarbeid
- gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du
- har forståing for leiing i todelt styringsmodell (stat og kommune) og Nav sitt samfunnsoppdrag
- har erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
- har erfaring med tverrsektorielt samarbeid
Kva ser vi etter hos deg?
- god evne til å utøve tillitsbasert leiing
- kommuniserer ope, tydeleg og tillitsskapande
- er nytenkjande og open for å prøve ut nye og utradisjonelle løysingar
- tek gode avgjerder og er målretta og løysingsorientert i samarbeid med andre
Kvifor velje oss?
- ei sentral leiarrolle med stor påverknadskraft innan eit viktig samfunnsområde
- eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø med høg trivsel
- løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- avskriving på studielånet, jf. vedtak i Stortinget
Nav er opptatt av mangfald og me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Nav, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato.
Andre opplysningar
Spørsmål om stillinga kan rettast til Vik kommune ved kommunalsjef helse og velferd Hildegard Valland, tlf. 47264660, eller til regionsleiar i Nav Sogn Sara Christine Johnsborg, tlf. 91831552.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461902367
- Sist endret

