Elektrikar / Automatikar
Nortura SA
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein som likar å jobbe med teknologi?
Hjå Nortura i Sogndal treng vi ein som vil vere med og sikre god drift i ei moderne matbedrift. Her får du bruke faget ditt på ein solid og trygg arbeidsplass, med teknologi som utviklar seg.
Vi produserer mat som betyr mykje for folk, og vi gjer det med moderne utstyr, automatiserte løysingar og kjende merkevarer som Gilde og Prior.
Arbeidsoppgåver
Du blir del av eit tverrfagleg team med automatikarar og mekanikarar. Arbeidet er variert, teknisk interessant og viktig for drifta:
Feilsøking og reparasjon av produksjons- og prosessanlegg
Førebyggjande og korrektivt vedlikehald
Arbeid med PLS, elektro og automasjon
Bidra i forbetringsarbeid og tekniske prosjekt
Delta i teknisk vaktordning og periodisk 2skift
Målet er enkelt: Stabil og trygg drift kvar dag.
Kven passar dette for?
Vi ser etter deg som har lyst på ein trygg jobb med gode kollegaer og høve til å utvikle deg innan faget.
Vi trur du:
Har fagbrev som elektrikar, automatikar, eller har elektrobakgrunn med interesse for automasjon og gjerne vil jobba meir med det.
Likar systematisk arbeid og gode, praktiske løysingar
Jobbar godt både åleine og saman med andre
Snakkar norsk og litt engelsk
Erfaring frå næringsmiddelindustrien er kjekt, men ikkje noko krav.
Kvifor Nortura?
Hos oss får du ein arbeidskvardag prega av ordna forhold, moderne utstyr og ei bedrift som satsar på folk og fag.
Vi tilbyr:
Robotiserte og moderne produksjonslinjer
Stødig og fagleg sterkt arbeidsmiljø
Moglegheit for vidare kompetanse innan PLS, automasjon og teknikarutdanning
Løpande investeringar i utstyr og forbetringar
Ei rolle som bidreg direkte til trygg norsk matproduksjon
Goder og ordningar
Konkurransedyktig løn og tillegg for skift/vakt
Svært gode pensjons- og forsikringsordningar som sikrar deg no og inn i framtida
Kantine og ansattbutikk med varer frå Gilde og Prior
Treningstilskot / treningsavtale
Bedriftshelseteneste og godt HMSfokus
FerdigheterAI-generert
- Automasjon
- Automatisering
- Drift og vedlikehold
- Elektro (AMO)
- Forebyggende vedlikehold
- Korrigerende vedlikehold
- PLS
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av om lag 15.500 norske bønder over hele landet. I Nortura bruker vi hele dyret og skaper verdier for folk, samfunnet og naturen selv. Nortura omsetter årlig for om lag 30 milliarder kroner og vi er ca. 4 500 ansatte i konsernet.
Nortura Sogndal produserer spekemat.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Granden 8, 6856 Sogndal
- Bransje: Elektronikk, Industri og produksjon, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
elektriker, teknologi, PLS, Automasjon, robot
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460755082
- Sist endret


