Sommarjobb i staselege Gaupne gamle kyrkje i Luster
Fortidsminneforeininga Sogn Og Fjordane Avdeling
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du serviceinnstilt og glad i både folk og historie? Vi søkjer sommarvert til Gaupne gamle kyrkje i Luster!
Hva vi ser etter
Me søkjer ein omvisar som kan vere med å gje våre besøkande frå inn- og utland ei minnerik oppleving!
-
Du har interesse for historie, kunstfag, arkitektur, pedagogikk eller reiseliv
-
Gjerne erfaring med formidling eller kundebehandling
-
Kan arbeide sjølvstendig og er imøtekomande og ansvarsfull
-
Du meistrar norsk og engelsk godt. Ytterlegare språkferdigheiter er eit stort pluss.
Arbeidsoppgaver
-
Ta imot besøkande og fortelje om kyrkja si historie
-
Formidle praktisk informasjon til gjestane
-
Sal av billettar og varer
-
Bidra til enkel orden og reinhald
-
Sørgje for ei triveleg oppleving for gjestane
Kyrkja er opent for publikum 11.00-16.00 frå onsdag til søndag i publikumssesongen frå 1. juli til 31. juli.
Vi tilbyr
Gaupne gamle kyrkje ligg sentralt i kommunesenteret i Luster kommune. Med ei datering til 1647 er kyrkja ei sjeldanheit. Kyrkja er bygd i lafta tømmer og har truleg erstatta ei stavkyrkje som stod på same staden, der delar av den gamle kyrkja er gjenbrukte. Interiøret og inventaret er i stor grad frå 1600-talet og er rikt og fargerikt dekorert.
Vi tilbyr:
-
Ein unik sommarjobb i vakre og historiske omgjevnader
-
Varierte og kjekke arbeidsoppgåver
-
Møte med hyggelege gjestar og historieinteresserte
-
Ei fin erfaring å ha på CV-en
-
løn etter avtale
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no! 😊
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461034184
- Sist endret


