Turprodusent
FOTEFAR TEMAREISER AS
- Frist 15.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Turprodusent i Fotefar temareiser
Turprodusent
Fotefar temareiser arrangerer unike temareiser til Norge, Europa, Afrika, Asia, Nord- og Sør-Amerika. Historie- og kulturopplevingar står sentralt i reisene, og med oss på tur har vi kunnskapsrike fagguidar. Vi søkjer no ein engasjert medarbeidar til kontoret vårt på Leikanger i Sogndal kommune.
Vi ser etter deg som:
Brenn for reiseliv!
Har relevant erfaring og/eller høgare utdanning
Vil vere med å utvikle temareisene, frå idé til gjennomføring
Gjerne har erfaring med turproduksjon eller anna prosjektleiing
Meistrar Excel og andre basisprogram på PC
Personlege eigenskapar:
Er strukturert og nøyaktig
Likar ein arbeidskvardag med høgt tempo, og kan sjonglere fleire arbeidsoppgåver på ein gong
Trivst med kundekontakt på telefon og e-post, og likar å jobbe med menneske
Er kreativ, lærevillig, sjølvstendig og har ei positiv haldning
Tek utfordringar på strak arm
Samarbeider lett med andre
Har god skriftleg formuleringsevne på nynorsk og engelsk
Har god munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk, og gjerne fleire språk
Arbeidsoppgåver:
Turproduksjon (utvikling og planlegging av reiser)
Administrative og økonomiske oppgåver i booking- og betalingssystem
Kundekontakt på telefon og e-post
Diverse rutineoppgåver
Vi tilbyr:
Eit engasjert og kunnskapsrikt arbeidsmiljø.
Konkurransedyktige vilkår.
Reise – sjølvsagt. For å kunne selje og formidle Fotefar sine reiser, må du kjenne produkta våre.
Tilsetjing snarast råd. Fast stilling. Send søknaden innan 15. mai 2026 på e-post til post@fotefartemareiser.no. Alle søkarar blir først kontakta etter søknadsfristen. Har du spørsmål, kan du sende oss ein e-post eller ringe oss på 91173079.
Ferdigheter
- Microsoft Excel
- Økonomisk administrasjon
- Produktutvikling (norske markedet)
- Salg av reiselivstjenester
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Fotefar temareiser arrangerer gruppereiser med kunnskapsrike fagguidar til Europa, Amerika, Asia og Afrika!
- Sektor: Privat
- Sted: Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kundeservice, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
temareise, turprodusent, reiseliv, prosjektleiing, planlegging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461585047
- Sist endret
