Formidlar
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
- Årslønn 550 000 - 630 000 kr
Er du ein kreativ og allsidig formidlar?
Vil du inspirere born og unge til å utforske realfag og teknologi?
Me har eit 100 % årsvikariat ledig, og er på jakt etter ein engasjert og allsidig formidlar som byr på seg sjølv. Kan du å bruke kreativitet og fagkunnskap til å inspirere og skape nysgjerrigheit og lærelyst hos både born og unge? Som formidlar får du bruke entusiasme, energi og drivkraft til å gjere realfaga levande for gjestane våre.
Er du lærar med erfaring, og har eit ønske om eit år med påfyll og inspirasjon med fokus på interaktive, praktiske og tverrfaglege læringsaktivitetar? Då kan dette vere eitt år med nyttig påfyll for deg. Det er ikkje eit krav, men erfaring frå barne- og mellomsteg vil vere eit pluss.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidskvardagen din vil vere variert og full av spennande utfordringar. Som formidlar vil du vere med å ta imot og formidle til ulike grupper, alt frå barnehagar til vidaregåande skular og fritidsgjestar. I tillegg vil du vere med å:
Utvikle og gjennomføre praktiske læringsopplegg og lærarkurs
Besøke skular gjennom «ViteMeir på hjul»
Planlegge og gjennomføre aktivitetar og vitenshow som gjer naturfag levande og engasjerande.
Kveld‑ og helgearbeid kan førekomme nokre få gongar i løpet av året i samband med ulike arrangement.
Den gode formidlaren er ein som kan skape entusiasme, byggje tillit og inspirere til nysgjerrigheit gjennom sitt eige engasjement.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Er/har du:
pedagogisk kompetanse eller erfaring med formidling?
sans for å stå framfor ei forsamling
evne til å formidle kompliserte ting på ein enkel og spennande måte?
kompetanse innan realfag?
ein ryddig og strukturert lagspelar?
kreativ, nysgjerrig og idérik?
sjølvgåande, tilpassingsdyktig og uredd?
meistrar godt både norsk og engelsk?
førarkort klasse B? Det må påreknast noko reiseverksemd.
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Kva kan du vente deg?
Ein unik sjanse til å vere med å forme og utvikle innhaldet i eit vitensenter
Allsidig og triveleg arbeidsplass i stadig utvikling
Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
Fleksibel arbeidstid
Gode personalordningar
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Løn etter avtale, innanfor i intervallet kr 550 000–630 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Er dette noko for deg?
Send oss søknad og CV på e-post: jobb @vitemeir.no innan 10. mai.
Oppstart: 1. august 2026
Avslutning: 31. august 2027 (eventuelt 31. juli 2027).
Ferdigheter
- Formidlingsevne
- Grunnskolepedagogikk
- Kreativ bruk av presentasjons- og visualiseringsteknikker
- Naturvitenskap
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – er eitt av 13 regionale vitensenter i Noreg. Senteret ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og har vore i drift i tre år. ViteMeir skal gje eit inspirerande og lærerikt tilbod til barnehagar og skular innan realfag, vere eit teknologisk opplevingssenter for familiar og fritidsgjestar, og ein unik møte- og utviklingsarena for næringslivet.
Som formidlar får du moglegheit til å bidra inn i ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. Dei tilsette ved ViteMeir utgjer om lag 16 årsverk. Senteret skal vere ei drivkraft i regionen i tett samhandling med mellom anna barnehagar, skular og næringsliv.
- Sektor: Privat
- Sted: Skarpeteigvegen 2, 6854 Kaupanger
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Event og arrangementer, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Annet, Geologi/Fysikk/Kjemi, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
formidling, pedagogikk, realfag, teknologi, lærar
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460615022
- Sist endret

