Har du engasjement for unge menneske og tru på moglegheiter gjennom arbeid og aktivitet?
Nav Sogndal, Tenester til arbeidsgjevar
- Frist 6.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Me søkjer ein målretta og motivert rådgivar i ei eittårig stilling.
Er du flink til å byggje relasjonar og har lyst til å jobbe i eit fagleg dyktig og engasjert team? Då kan du bli vår nye kollega.
Stillinga som ungdomsrettleiar ved Nav Sogndal er statleg og inngår i eit regionalt ungdomsteam i Sogn. Teamet har ansvar for arbeidsretta oppfølging av unge i alderen 16–30 år i heile regionen, i samsvar med Nav sin ungdomsgaranti.
Stillinga er eit vikariat grunna permisjon hos ein av våre medarbeidarar, med oppstart 17. august 2026 og varigheit til 31. juli 2027.
Kva går jobben ut på?
- arbeidsretta oppfølging av unge i alderen 16-30 år i heile regionen, i samsvar med Nav sin ungdomsgaranti
- kartleggje ressursar, hindringar og moglegheiter for arbeid, kvalifisering eller aktivitet
- samhandle med behandlarar, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre for å nå brukar sitt mål om arbeid, kvalifisering eller aktivitet
- rettleie i bruk av Nav sine digitale tenester
- gjennomføre møte med arbeidsgivarar og samarbeidspartar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule, til dømes sosialfagleg eller pedagogisk utdanningsretning. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- relevant erfaring med rettleiing eller oppfølging av ungdom
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- førarkort kl. B
Det er ein fordel om du har
- kjennskap til utdanningsmoglegheiter
- kjennskap til arbeidslivet og erfaring frå samarbeid med arbeidsgivarar eller utdanningsinstitusjonar
- erfaring frå saksbehandling eller liknande arbeid frå offentleg sektor
- kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
Kva ser vi etter hos deg?
- evne til å jobbe sjølvstendig og du likar å jobbe i team
- god relasjonskompetanse
- arbeider målretta og strukturert
- trygg og tydeleg i møte med arbeidsgivarar og andre samarbeidspartar
- evne til å motivere og engasjere for å gi menneske moglegheiter
Kvifor velje oss
- spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
- godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- relevant opplæring og gode høve til utvikling
- fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622.000 - 643.000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Rigmor Wathne, Avdelingsleiar, 472 86 676, rigmor.wathne@nav.noArbeidssted
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5117139265
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 06.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460989168
- Sist endret
