Vil du undervise i kjemi og naturfag? Vi har ledig 100% vikariat.
OPK-AD - Årdal vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 17.4.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Årdal vidaregåande skule har om lag 150 elevar og 40 tilsette, fordelt på 10 klassar. Vi tilbyr utdanningsprogram innan studiespesialiserande, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen ligg i Øvre Årdal, omgitt av flott natur med gode moglegheiter for friluftsliv.
Vi er opptekne av å skape eit trygt og inspirerande læringsmiljø for elevane våre, og eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Som lærar hjå oss får du høve til å vere del av eit engasjert kollegium som samarbeidar tett for å gje elevane dei beste føresetnadene for læring og utvikling.
Ved skulen har vi føljande stilling ledig frå 01.08.2026 - 31.07.2027:
Faglærar i kjemi og naturfag - 100% vikariat
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning.
- Vurderingsarbeid.
- Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasselag.
- Til stillinga må du som lærar vere førebudd på å vere kontaktlærar.
- Stillinga vil vere retta mot undervisning på både studiespesialiserande og yrkesfagleg programområde.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- er engasjert og positiv - med ønskje om å formidle kunnskap og bdira til eit godt læringsmiljø.
- har eit positivt elevsyn.
- er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg.
- er tilpassingsdyktig.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk lærar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervisning i:
- Kjemi
- Naturfag
Det er i tillegg ønskjeleg med kompetanse innan eitt eller begge av følgjande fag:
- Matematikk
- Fysikk
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Tett samarbeid på tvers av fagmiljø
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun, rektor , 90694334, geir.kjetil.ovstetun@vlfk.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5104599617
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457563386
- Sist endret

