Internasjonal koordinator (seniorkonsulent)
Noregs handelshøgskole (NHH)
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du god digital kompetanse og trivst i eit internasjonalt miljø?
Om stillinga og seksjonen
Vi søkjer etter deg som er engasjert og dyktig, som trivst i eit internasjonalt miljø, der du har mykje kontakt med studentar og samarbeidspartnarar over heile verda. Du har god digital kompetanse som bidreg til utvikling av prosessar og strukturar.
NHH er leiande på studentmobilitet i Norge og som vår nye medarbeidar vil di hovudoppgåve vere knytt til drift og utvikling av utvekslingsprogramma ved høgskulen, samt arbeid med studentmobilitet og internasjonale program i ENGAGE.EU (https://www.nhh.no/en/about-nhh/international-networks/engage.eu/), den europeiske universitetsalliansen som NHH er ein del av.
Stillinga er plassert i Seksjon for internasjonale relasjonar, som er ein del av Studieadministrativ avdeling. Arbeidsmiljøet er prega av samarbeid, godt humør og ein vilje til å tenke nytt. Du vil få kollegaer som deler kunnskap og erfaringar.
Hovudoppgåver vil vere å
- sakshandsame og administrere høgskulen sine utvekslingsprogram og internasjonale utdanningstilbod
- rettleie og rådgje studentar som søkjer utveksling
- informere om og kommunisere ut høgskulen sine utvekslingsprogram og internasjonale utdanningstilbod
- drive med utviklingsarbeid knytt til høgskulen sine internasjonale utdanningstilbod og mobilitet
- koordinere og ivareta koplinga mellom ENGAGE.EU og drift på seksjonen
- delta i andre arbeidsoppgåver på seksjonen ved behov
ENGAGE.EU er eit prosjekt i utvikling, og andre oppgåver kan bli lagt til ved behov.
Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelorgrad
- svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk
- god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk
- erfaring frå liknande arbeid
- gode ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
Det er ein føremon om du har
- sakshandsamarkompetanse
- internasjonal erfaring i form av arbeids- og/eller studieopphald i utlandet
- kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
- språkkunnskapar i andre framandspråk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- arbeider sjølvstendig, tar initiativ og som ser løysingar
- har evne til å jobbe målretta og strukturert
- har evne til å prioritere i ein hektisk arbeidssituasjon, planlegge og organisere arbeidet
- har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt
- er utviklingsorientert og har evne til å utvikle nye prosessar
NHH tilbyr
- jobb i ein organisasjon som utfører spennande og samfunnsnyttige oppgåver
- varierte oppgåver og utfordringar
- eit triveleg og stimulerande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- fleksibel arbeidstidsordning og inkluderande arbeidsliv
- gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) (www.spk.no)
- velferdsgode som subsidiert trening ved Sammen og bedriftshytte
Stillinga har kode 1363 - seniorkonsulent og er lønna med kr 588 000- 635 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
Generell informasjon
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
NHH kan gjennomføre bakgrunnssjekk av finalekandidatar i samarbeid med ekstern leverandør. Bakgrunnssjekken vert utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsettinga.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Astrid Foldal, astrid.foldal@nhh.no tlf. 55 95 96 88.
Søknadsfrist: 15.02.2026.
Søknad, CV, vitnemål og attester sendast elektronisk via Jobbnorge.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Forvaltningskompetanse
- Redigere engelske tekster
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø og samarbeider med 195 universitet og handelshøgskolar over heile verda. NHH er førstevalet for studentar som vil ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.
Aktivitetane våre er prega av høg kvalitet, sterke etiske standardar og innsats for felles mål. I tett samspel med nærings- og samfunnsliv utviklar vi og deler ny kunnskap og skaper verdiar for ei berekraftig framtid. NHH ligg i Bergen og har rundt 3 750 studentar og 455 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Helleveien 30, 5045 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449214277
- Sist endret


