
Lærling i service- og administrasjonsfaget
Vestland fylkeskommune
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Lærling
Lærling i service- og administrasjonsfaget
Er du ute etter ei spanande læretid med kjekke kollegaer i eit inkluderande og lærerikt miljø? Askøy videregående skole har ledig stilling for lærling i service- og administrasjonsfaget frå hausten 2026. Stillinga gjeld for ei læretid på to år og har arbeidsstad ved Askøy videregående skole i Søre Myrane på Kleppestø.
I læretida vil du mellom anna lære mykje om:
- Kommunikasjon og service
- Relevante lover og regelverk
- IKT og bruk av dataverktøy
Les gjerne meir på vår nettside om korleis det er å vere lærling i Vestland fylkeskommune:
https://www.vestlandfylke.no/jobb-og-karriere-i-vestland-fylkeskomune/bli-larling-i-vestland-fylkeskommune/
Du kan lese meir om skulen her: https://www.askoy.vgs.no/
Arbeidsoppgåver
- Yte service til elever, ansatte og besøkande ved skulen
- Betjening av sentralbord og resepsjon
- Ulike oppgaver innen elevadministrasjon, personaladministrasjon, regnskap, budsjett og innkjøp
- Enkel sakshandsaming og dokumenthandtering
- Utarbeiding av rutinar og informasjonsmateriell
- Registrering av opplysninger i digitale fagsystem
- Planlegging og gjennomføring av møter og kurs
- Praktisk planlegging og gjennomføring av prøvar og eksamenar
- Varierte kontoradministrative oppgaver
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått Vg1 og VG2 i Service, sikkerheit og administrasjon eller tilsvarande
- Gode datakunnskapar og kjennskap til programma i office-pakken
- Ha vurdering "god" i både orden og adferd begge år
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Må kunne framvise gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
- er lærevillig og faglig interessert
- er pliktoppfyllende og lojal
- har gode samarbeidsevner
- er erviceinnstilt
- har god ordenssans
- er positiv og godt humør
- har evne til å handtere mange ulike oppgåver
Vi tilbyr
Tilbake får du ein variert arbeidsdag med mange spanande oppgåver ispedd ein del rutinearbeid. Det er høve til hospitering også på andre avdelingar i Vestland Fylkeskommune, og du får mange kjekke kollegaer som vil ta godt vare på deg i eit varmt og trygt arbeidsmiljø.
Hos oss får du:
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- varierte arbeidsoppgåver som dekker måla i læreplanen
- løn etter tariff som stig gradvis i læretida
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- ein trivelig læreplass i moderne lokaler
- gratis tilgang til treningsrom
- deltaking på ulike sosiale aktivitetar
- oppstart etter avtale tidleg haust 2026
FerdigheterAI-generert
- Betjene sentralbord
- Bokføring
- Budsjettarbeid
- Dokumentasjonsforvaltning
- Kontorledelse
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Microsoft Office
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5300 Kleppestø
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448174931
- Sist endret


