Programrådgivar
Norec
- Frist 22.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med internasjonalt samarbeid, partnarskap og kompetanseutveksling?
Vil du jobbe med internasjonalt samarbeid, partnarskap og kompetanseutveksling?
Er du ein god rettleiar og saksbehandlar som vil jobbe med å følge opp internasjonale utvekslingsprosjekt? Då kan dette vere jobben for deg.
Vi har ledig éi fast stilling og eventuelt vikariat. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og sakshandsame Norec sine tilskot til verksemder og organisasjonar i både privat og offentleg sektor.
Ei viktig arbeidsoppgåve er å følge opp prosjekta som får tilskot frå Norec. Dette skjer mellom anna gjennom prosjektbesøk i ulike delar av verda.
Prosjekta som får tilskot frå Norec blir gjennomførte i samarbeid mellom to eller fleire aktørar innan sivilsamfunn, næringsliv og offentleg sektor i utvalde samarbeidsland verda over.
Norec har også tverrfaglege arbeidsgrupper internt. Som programrådgivar er det moglegheiter for å få ansvar og oppgåver ut frå kompetansen din og faglege interesseområde.
For å lykkast i jobben som programrådgivar, må du vere god til å samarbeide og trivast med mangfald. Programrådgivarane våre kommuniserer med partnarskap over heile verda. Det er difor viktig at du har gode språkferdigheiter og formidlingsevner.
Vi legg til rette for at du kan arbeide mindre enn 100 %, men 80-100 % er ønskeleg.
Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?
Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec ser ut? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er?
Kontakt gjerne programrådgivar Julia på e-post, og spør om det du vil vite meir om.
Har du spørsmål til sjølve stillinga, kan du ta kontakt med seksjonsleiar. Kontaktinformasjon finn du nedst i annonsen.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning (minimum bachelor), til dømes innan samfunnsvitskap
- minst to års relevant erfaring med saksbehandling og/eller tilskotsforvalting
- kompetanse innan forvalting, helst erfaring med tilskotsforvalting eller annan type prosjektforvalting
- gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk kan også vere ein fordel
Vi ser gjerne at du har internasjonal arbeidserfaring, bistandskompetanse eller kunnskap om globale samarbeid. I tillegg må du ha god interkulturell forståing.
Om deg
Vi ser for oss at du
- har interesse for offentleg forvaltning og internasjonale spørsmål.
- trivst med ein variert arbeidskvardag.
- tek ansvar og likar å ta initiativ
- ser løysingar og jobbar godt i lag med andre
- ønsker noko reising i jobben.
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi legg vekt på personlege eigenskapar og evne til å vise respekt for andre.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med engsjerte kollegaer
- ein arbeidsgivar som legg vekt på utvikling og kompetanseheving
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- trening i arbeidstida
- gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Stillingane blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ:
- Førstekonsulent (kode 1408): 483 300 - 545 000 kroner
- Rådgivar (kode 1434): 470 000 - 750 000 kroner.
- Seniorrådgivar (kode 1364): 558 000 - 840 000 kroner
Lønnsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.
Les dette før du søker
- I Norec trur vi mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsatt funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker på stillinga. Dette gjeld dersom du er kvalifisert for stillinga. Vi inviterer alltid minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om positiv særbehandling her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ).
Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
- Når søknadsfristen er gått ut lagar vi offentleg søkarliste. Dersom du ønsker å reservere deg mot å bli bli oppført på denne, må du krysse av for og grunngi dette i søknaden din. Vi tek kontakt med dersom i ikkje kan imøtekommet ønsket ditt.
FerdigheterAI-generert
- Administrere statlig finansiering
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Saksbehandle søknader
- Språk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi støttar internajsonale samarbeid som bidreg til å nå FNs berekraftsmål.
Norec har tre samfunnsoppdrag som styrker internasjonalt samarbeid og utvikling:
- Tilskotsforvaltning til internasjonalt samarbeid
Vi forvaltar tilskot til demokratistøtte for norske politiske parti og ungdomsparti i samarbeid med partnarar i låg- og mellominntektsland, og tilskot til gjensidig utveksling av personell mellom organisasjonar i Noreg, Afrika, Asia og Latin-Amerika for kompetansebygging og langsiktig samarbeid. - Uavhengige evalueringar av norsk bistand
Vi gjennomfører evalueringar av norsk utviklingssamarbeid. Denne oppgåva vert gjort av den uavhengige evalueringsavdelinga. - Koordinering av rekruttering til internasjonale organisasjonar
Vi legg til rette for at norske statsborgarar kan arbeide i FN, utviklingsbankar og andre internasjonale organisasjonar.
Gjennom desse oppdraga bidrar Norec til kompetanseutvikling og styrking av internasjonalt samarbeid. Les meir om Norec på www.norec.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjellvegen 9, 6800 Førde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Samfunnsøkonomi, Samfunnsviter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449150185
- Sist endret
