
Finansiell Rådgjevar
Sparebanken Norge
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du gjere ein forskjell i Måløy– og hjelpe folk å ta smarte val i økonomien?
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du får derfor stor moglegheit til å påverke – både i rolla di og i møte med kundane.
Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss – og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
Om kontoret og laget
På kontoret i Måløy er vi seks kollegaer som jobbar tett saman for å gi kundane våre gode opplevingar – kvar einaste dag. Vi har høgt tempo, stor takhøgd og eit inkluderande arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode med engasjement og fagleg tryggleik.
Hos oss i Måløy er vi tett på både kundane og lokalsamfunnet, og jobbar saman for å skape gode kundeopplevingar.
Kva går jobben ut på?
Som finansiell rådgjevar i privatmarknaden blir du ein viktig sparringspartnar for personkundane våre. Du får ansvar for ei etablert kundeportefølje, samstundes som du byggjer nye relasjonar gjennom tillit, gode samtalar og heilskapleg rådgjeving innan bustadlån, sparing og forsikring.
Du møter kundane både fysisk og digitalt, og jobbar tett saman med kollegaene dine i eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap og lyfter i lag.
Kven er du?
Du treng ikkje kunne alt frå dag éin. Det viktigaste for oss er at du bryr deg om folk, er nysgjerrig og har lyst til å utvikle deg.
Vi trur du vil lukkast og trivast hos oss dersom du:
• er trygg i møte med menneske og kommuniserer klart
• jobbar strukturert og trivst med ein variert arbeidskvardag
• likar å ta ansvar og jobbe målretta
• er lærevillig og open for nye måtar å jobbe på
Har du høgare utdanning innan økonomi eller relevant erfaring frå rådgjeving, kundeservice eller sal, er det ein fordel. Autorisasjonar innan kreditt, sparing og forsikring er ønskjeleg – viss ikkje hjelper vi deg dit.
Kva får du hos oss?
Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast – både i rolla og i karrieren. Vi gir deg ein trygg start gjennom onboarding-programmet vårt, Sterk start, og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Du blir ein del av ein kultur prega av deling, tillit og ekte lagkjensle – og ein jobb der du faktisk gjer ein forskjell for folk i lokalsamfunnet.
I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje berre ein bank – vi byggjer eit lag. No byggjer vi det også i Måløy. Vil du bli med?
Klar for å bli med på laget?
Vi gler oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med banksjef Lone Bareksten for ein uforpliktande prat. Vi tek gjerne ein kopp kaffi eller ein telefon!
Søknadsfrist: 01.03.26
FerdigheterAI-generert
- Boliglån
- Digital kommunikasjon
- Finansiell og økonomisk rådgivning
- Forsikringstjenester
- Gjennomføre aktivt salg
- Kundeservice ansikt til ansikt
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Gate 1, 6700 Måløy
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
rådgiver, bank, økonomi, finans, rådgjevar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448649850
- Sist endret
