Trainee
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Trainee
Vil du jobbe som trainee med digitalisering, automatisering og teknologistøtte?
Lotteri- og stiftelsestilsynet er på utkikk etter trainee til stab IT og dokumenthandtering frå august 2026 til august 2027. Vi søker deg som vil jobbe for å forenkle arbeidsprosessar og ta i bruk nye digitale verktøy.
Kven er vi?
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein statleg tilsynsmyndigheit som skal sikre at pengespel, lotteri og stiftelsar blir drivne på ein trygg, ansvarleg og tillitvekkande måte. Vi forvaltar viktige samfunnsoppdrag, der digitalisering og gode teknologiske løysingar er avgjerande for effektiv saksbehandling, godt tilsyn og god service. IT-strategien vår legg opp til meir bruk av automatisering, betre utnytting av data og trygg innføring av ny teknologi.
Som trainee vil du vere knytt til stab IT og dokumenthandtering, som har ansvar for drift, utvikling og vidareutvikling av dei digitale løysingane i tilsynet. Staben støttar heile organisasjonen med systemforvaltning, dokument- og arkivløysingar, digital samhandling, informasjonstryggleik og utviklingsprosjekt. Staben har òg ei sentral rolle i å samarbeide med fagavdelingane om å forenkle arbeidsprosessar og ta i bruk nye digitale verktøy.
Kvifor skal du velje oss?
Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø, og Lotteri- og stiftelsestilsynet har god erfaring med å ha traineear gjennom ordninga til Framtidsfylket.
I trainee-stillinga vil du jobbe tett med både IT-miljøet og fagavdelingane. Rollen handlar om å gjere kvardagen meir effektiv, samtidig som ein oppfyller krava til god IT-sikkerheit og personvern. Kunstig intelligens (KI) kan vere eitt av fleire verktøy vi nyttar, men du vil også jobbe med andre metodar og digitale løysingar. Du vil delta i tverrfaglege prosjekt og forbetringsarbeid, følge med på relevante teknologitrendar og dele læring internt. Du vil delta i eit strukturert trainee-opplegg og få brei innsikt i organisasjonen gjennom deltaking i ulike prosjekt og arbeidsoppgåver.
Kva ser vi etter?
- Nysgjerrig og lærevillig – likar å sette deg inn i nye problemstillingar
- Strukturert og analytisk – likar å ha oversikt og foreslå forbetringar
- Samarbeidsorientert – trivast å jobbe tett med både fagmiljø og IT
- God formidlingsevne – kan forklare løysingar enkelt til ikkje-tekniske kollegaer
- Grunnleggande forståelse for digitale arbeidsprosessar og automatisering
- Erfaring med å teste eller prøve ut digitale verktøy (f.eks. gjennom studier, prosjekt eller jobb)
Det er viktig for oss at dei tilsette trivast, og som trainee hos oss vil du få:
- Erfaring på IT området
- Godt innblikk i offentleg forvaltning
- Nettverk med andre traineear – inkludert fire samlingar
Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. I tillegg held vi til i moderne kontorbygg i Førde sentrum, der vi har kantine med lunsjordning, samt trening i arbeidstida og eige trimrom på huset.
Som trainee hos Framtidsfylket får du:
Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear.
Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk
Så, kva trur du? Om du synest dette høyrest interessant ut, men har lyst å vite meir - ikkje nøl med å ta kontakt. Vi fortel gjerne meir om våre spennande arbeidsoppgåver!
Verdt å merke seg
Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar stillingskode 1408/1434. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.FerdigheterAI-generert
- Automatisering
- Digitale ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: IT-sikkerhet, IT-support, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Trainee, Digitalisering, Automatisering, Teknologistøtte, Sunnfjord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448506997
- Sist endret



