Kommunedirektør
Sogndal kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Blir du vår nye kommunedirektør?
Kommunedirektøren er den øvste administrative leiaren i Sogndal kommune, og har det overordna ansvaret for å leie, utvikle og koordinere kommunen si verksemd i tråd med politiske vedtak, lover, reglar og føreskrifter. Rolla innebere å vere eit bindeledd mellom den politiske leiinga og administrasjonen. Kommunedirektøren skal sikre god økonomistyring og at kommunen leverer gode tenester til innbyggjarane, samtidig som kommunen utviklar seg i takt med samfunnet sine endringar og behov. Vidare skal kommunedirektøren sikre at kommunen oppnår politiske mål og utøve rolla som samfunnsutviklar.
Ønska bakgrunn og erfaring
Solid leiarerfaring frå høgt nivå i større komplekse offentlege verksemder, gjerne også frå det private
God kjennskap til og innsikt i offentleg forvaltning og tenesteproduksjon
God innsikt i lover og reglar som gjeld i offentleg/ kommunal sektor
Erfaring frå strategisk leiing, endringsleiing, innovasjon og omstilling
Solid erfaring frå økonomi,- budsjett- og verksemdsstyring
God rolleforståing for komplekse politiske prosessar og samspel mellom politikk og administrasjon
God erfaring med partssamarbeid, og i arbeid med beredskap og krisehandtering
Erfaring med relasjonsbygging og aktiv i dialogen med eksterne aktørar
God på skriftleg og munnleg framstilling
Høgare relevant utdanning
Leiarstil og personleg eigenskapar
Open, ærleg, engasjert, med ein inkluderande leiarstil som byggjer tillit og motiverer medarbeidarer
Analytisk, og med strategiske evner, med eit tydeleg og heilskapsperspektiv og god forståing for samanhengar og langsiktige konsekvensar
Trygg, robust og synleg, og som samtidig viser mot og tydelegheit i rolla som leiar
Tek gode og gjennomtenkte avgjerder, er løysningsorientert og handlingskraftig med sterk gjennomføringsevne- samstundes som du har evne til å lytte, involvere og skape medverknad
Solid relasjons- og lagbyggjar, med høg grad av integritet og god rolleforståing
Spørsmål om stillinga kan rettast til vår rådgjevar i prosessen, Per Inge Hjertaker hos Hjertaker Aaberg AS, tlf. 91729682, eller ordførar Stig Ove Ølmheim, tlf. 48104840.
Søknaden snarast og seinast 1.mars
Det vert utarbeidd offentleg søkarliste i tråd med offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå lista. Dersom unntak ikkje kan innvilgast, vil søkjaren bli varsla før eventuell offentleggjering.
Ferdigheter
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Forretningsledelse
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Strategisk ledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Dei tidlegare kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal blei slått saman til Sogndal kommune frå 1. januar 2020. Kommunen har eit areal på 1 257,89 km², har om lag 12 500 innbyggjarar vel 1200 tilsette og har administrasjonsstad i Leikanger. Sogndal kommune har hatt sterk vekst i folketalet dei seinare åra.
Verdiane samskaping, open, god og nysgjerrig, skal prege måten kommunen som organisasjon jobbar etter. Desse skal ligge til grunn for dei val og satsingar som skal gjennomførast og for å utvikle gode tjenester til innbyggjarane. Sogndal er omgitt av ein makelaus natur med fjelltoppar, fjordar og skog som gir grunnlag for utallige opplevingar og turmål uavhengig av kva årstider ein vel å ta turen ut. Les meir om oss på www.sogndal.kommune.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gravensteingata 17, 6856 Sogndal
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kommunedirektør, ledelse, økonomistyring, samfunnsutvikling, inkluderende lederstil
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448409947
- Sist endret
