Regionleiar
Bedriftshelse1
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Bedriftshelse1 søkjer etter regionleiar for kontora våre i Nordfjord og Sunnfjord
Er dette jobben for deg? Bedriftshelse1 har ledig stilling som regionleiar for våre kontor i Førde, Florø, Nordfjordeid og Stryn. Kontorstad vil i utgangspunktet vere i Stryn, men kan vurderast.
Vi ser etter ein erfaren leiar, gjerne med helsefagleg bakgrunn/erfaring, som er motivert for å jobbe i team, saman med fysioterapeutar, legar, sjukepleiarar og yrkeshygienikarar. Kjennskap til bedriftshelsebransjen er ein fordel, men ikkje eit krav. Bedriftshelse1 jobbar med førebyggande helse ute hjå kundane våre, og eit breidt nettverk og kjennskap til bedrifter i området er ein fordel.
Dine oppgåver vil mellom anna vere å:
Vere ein tydeleg leiar for dei tilsette ved dei fire kontora i regionen
Ha personalansvar og følgje opp dei tilsette ved kontora
Bistå tilsette med vurderingar, rettleiing og tilrettelegging
Vere del av toppleiargruppa i Bedriftshelse1
Delta i strategi- og utviklingsarbeid i leiargruppa
Samarbeide godt med områdeleiar i regionen
Samarbeide godt med administrerande direktør og dei andre regionleiarane
Ha ansvar for kontordrift, inkl. budsjett, innkjøp og leverandøravtalar i regionen
Økonomistyring, fakturering og internkontroll i regionen i samarbeid med administrativt personell
Bistå med sal og marknadsføring av våre tenester til nye kundar og oppfølging av eksisterande kundar og kontrakter
Personlege eigenskapar og kompetansekrav:
Er ein erfaren leiar med tydeleg og inspirerande leiarstil
Evne til å motivere og vidareutvikle medarbeidarane
Motivert for å arbeide med førebyggande helsearbeid
Har god generell kompetanse innan systematisk HMS-arbeid
Strategisk og analytisk tilnærming, kombinert med praktisk og løysingsorientert haldning
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er systematisk, strukturert, effektiv og handlekraftig
God relasjonsbyggar, høg integritet og gjennomføringsevne
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God IT-kompetanse
Fleksibel, og ein lagspelar som ønskjer å spele andre gode
Du må ha førarkort og disponere bil, da deler av arbeidet kan bli utført ute i bedrifter
Vi tilbyr:
Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein bransje som er i stor endring
Tverrfagleg, hektisk, inkluderande og godt arbeidsmiljø
Opplæring i bransjen
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Fleksibel arbeidstid
Lønn og andre vilkår etter avtale
Svært gode pensjons- og personalforsikringsordningar
Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til post@bedriftshelse1.no.
Spørsmål om stillinga kan rettast til regionleiar Tore Bøe, tlf: 91 16 57 03
eller adm. dir. Randi Marie Sjøholt tlf: 95 23 58 74
Søknadsfrist: 13. februar 2026.
Ferdigheter
- Administrasjonsledelse
- Anskaffelser
- Budsjettarbeid
- Fakturering
- Helse- og sikkerhetsbevissthet
- Helsevitenskap
- Internkontroll
- Økonomistyring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 56 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 12 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet.
- Sektor: Privat
- Sted: Tinggata 17, 6783 Stryn
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Annet, Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Helsepersonell, HMS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
regionleiar, helsefagleg, hms arbeid, relasjonsbyggar, personalansvar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447089854
- Sist endret


