Er du god til å finne ressursane hos kvar enkelt?
Nav Nordfjord
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Hos Nav Nordfjord får du ein jobb der du gjer ein forskjell – for menneske i ulike livssituasjonar og for samfunnet. Som jobbspesialist blir du ein del av eit fagleg sterkt team som arbeider målretta med å hjelpe arbeidssøkjarar med å finne og halde på arbeid. Du følgjer deltakarar tett gjennom arbeidsretta oppfølging, og saman med arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar i regionen skaper du gode og varige moglegheiter for den enkelte. Supported Employment-metodik (SE) er ein sentral del av arbeidet, og gir struktur, retning og gode resultat for deltakarane våre. .
Nav Nordfjord held til i nye, moderne og funksjonelle lokale i Statens hus på Nordfjordeid. Her er vi samla under same tak som Skatteetaten og politiet.
Lokala er utforma som aktivitetsbaserte arbeidsplassar, med vekt på samarbeid, fleksibilitet og gode løysingar for dei tilsette. Nav Nordfjord består av fire lokasjonar, og samla sett har vi eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for å gi gode tenester til alle innbyggjarane i Nordfjord-regionen. Stillinga har arbeids- og oppmøtestad på Nordfjordeid, men reise i heile Nordfjord må påreknast
Høyrest dette spennande ut for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- kartleggje arbeidssøkjarane sine interesser, ferdigheiter og eigenskapar, samt kople dette med rett arbeidsgjevar
- oppsøkje bedrifter, byggje nettverk og relasjonar i heile region Nordfjord
- engasjere og motivere arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar
- følgje opp arbeidssøkjarar i studie eller jobb
- vere ansvarleg for framdrift i eigen portefølje
- dokumentere og rapportere i Nav sine fagsystem
- bidra til å utvikle og forbetre tenestene våre
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- høgare relevant utdanning på bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- relevant erfaring frå rettleiing, motivasjonsarbeid eller oppfølgingsarbeid
- førarkort klasse B
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå arbeid med oppfølging av menneske
- kjennskap til arbeidsmarknaden og utdanningsmoglegheiter i Nordfjord
- erfaring med Supported Employment-metodik (SE)
Kva ser vi etter hos deg
- tru på at alle menneske kan skaffe og halde på arbeid
- vilje og motivasjon til å drive oppsøkjande verksemd
- evne til å skape gode og tillitsfulle relasjonar
- evne til å jobbe resultatorientert
- evne til å handtere høgt arbeidstempo og tole uforutsigbarheit
Kvifor velje oss
- ein meningsfull og utfordrande jobb innanfor eit viktig samfunnsområde
- engasjerte kollegaer i eit inklunderande arbeidsmiljø
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling innanfor ei stor offentleg verksemd
- fleksibel arbeidstid, og moglegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- tilsetjing i stillingskode 1434 rådgjevar, med lønnsspenn 622000 - 640000 kr. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Kari Tonning, Avdelingsleiar Nordfjord Arbeid og Helse, 452 33 070, kari.tonning@nav.noArbeidssted
Rådhusvegen 86770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5059978790
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446400689
- Sist endret
