Økonomisjef
Hywer AS
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Økonomisjef
Vil du vere med å byggje fornybar energi med ein framoverlent og erfaren organisasjon?
Hywer opplever auka oppdragsmengd og søkjer ein engasjert, strukturert, fagleg sterk og tydeleg leiar til vår økonomifunksjon.
Hywer er leiande på utvikling av berekraftige løysingar til vasskraftbransjen. Vi levera komponentar og utstyr til nokre av dei største vasskraftprosjekta i landet, og har i tillegg fleire kraftverk under bygging og prosjektering for ulike kundar.
Vi ser etter deg som skjønar at økonomi grip inn i alle delar av verksemda og er nært knytt til kompetansen den enkelte arbeidstakar har og korleis denne kan omsetjast til vekst, kundar, interessante oppgåver og overskot.
Vi har eit unikt og breitt fagmiljø med kompetanse innan design, produktutvikling, prosjektleiing, montasje, innkjøp og logistikk – både innan mekaniske fag, byggfag og elektro. Med totalansvar for komplette vasskraftanlegg og komponentleveringar har vi stor moglegheit til påverknad og direkte læring frå prosjekt til prosjekt.
Hos oss får du ein variert, utviklande og meiningsfull kvardag – saman med gode kollegaer.
Vi ser etter deg som ynskjer å utvikle deg sjølv og kraftbransjen, har pågangsmot og trivast i tverrfaglege team.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for selskapet sin økonomifunksjon, leiar for ein medarbeidar og ansvarleg kontakt mot ekstern regnskapsførar, revisor og konserninterne funksjonar
Sørge for god systemstruktur
Administrative oppgåver som fell under økonomi
Kvalifikasjonar
Økonomiutdanning på bachelornivå eller høgare
Minst 10 års erfaring
Erfaring frå økonomisystem
Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Evne og interesse til å sette seg inn i bedrifta sine prosjekt og produkt for å forstå risiko
Strukturert og sjølvstendig, samtidig som du trivast i team
Proaktiv, initiativrik og løysingsorientert
Fagleg sterkt og tydeleg når du veit du har rett
Høg integritet
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Eit sterkt og inkluderande fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
Konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons- og forsikringsvilkår
Fleksitidsordning og gode moglegheiter for påverke eigen arbeidskvardag
Ei unik moglegheit til å bidra i vidareutvikling av ein organisasjon i vekst
Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord
Søknad sendast til: post@hywer.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Hywer er ein leiande leverandør av utstyr, tenester og totalentreprisar innan vasskraft. Vi betener den norske marknaden og har ambisjonar om internasjonal vekst.
Vi har erfaring frå bygging av nær 90 kraftverk og over 600 andre vasskraftprosjekt. Kompetansen vår spenner over heile verdikjeda – frå design, prosjektering og produktutvikling til produksjon, logistikk, utbygging og idriftsetjing. Dette gjer oss i stand til å tilby kostnadseffektive og gode løysingar for kundane våre.
Hywer er eit sjølvstendig heileigd dotterselskap i SaintGobainkonsernet, som har verksemd i 76 land og over 166 000 tilsette. I Noreg er vi i konsern med Optimera, Brødrene Dahl, Flisekompaniet og Ventistål. Hywer har i dag 45 tilsette og ei omsetning på 500 millionar kroner.
Hovudkontoret vårt ligg i Dale i Sunnfjord, med om lag 30 tilsette. Vi har òg kontor i Oslo, samt tilsette i andre delar av landet.
- Sektor: Privat
- Sted: Dalstunet 15, 6963 Dale i Sunnfjord
- Bransje: Bygg og anlegg, Kraft og energi, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Økonomi og regnskap, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
økonomisjef, leder, fornybar, vannkraft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446385774
- Sist endret
