
Reinhaldar
Vestland fylkeskommune
- Frist 23.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Reinhaldar
Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.
Eigedom og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedom og utbyggingsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler. Vi har ledig vikariat i 80% stilling som reinhaldar frå snarast til september/oktober 2027 i region Nord, for tida med oppmøte ved Dale Vidaregåande skule.
Dale vgs ligg i Dale i Sunnfjord som er kommunesenteret i Fjaler, ein stad med lange og rike skuletradisjonar. Skulen er ein kombinert skule, i eit moderne skuleanlegg med gode lokalitetar og tidsmessig utstyr. Skulen legg vekt på gode relasjonar mellom lærar og elevar, tett fagleg oppfølging og eit miljø det alle kan trivast.
Vi søkjer etter reinhaldar med eller utan fagbrev som har kompetanse innan reinhaldsfaget.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Utføre reinhald iht reinhaldsplan i Clean Pilot
- Rapportere til reinhaldsleiar
- Innmelde behov for reinhaldsmateriell
- Sørge for at maskiner og utstyr blir vedlikeholdt etter bruk
- Bruke CleanPilot til dokumentasjon for utført reinhald
- Jobbe i team
- Kontrollere eige arbeid via Insta 800
Kvalifikasjonar
- Praktisk yrkeserfaring
- Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
- God digital kompetanse
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
- Fleksibel
- Kjennskap til databasert verktøy
- Like å jobbe blant ungdom
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Vedlikehold av utstyr
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jarstadvegen 28, 6963 Dale i Sunnfjord
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Reinhaldar, Renholder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445946179
- Sist endret

