Frydenbø Bil i Sogndal søker mekaniker!
Frydenbø Bil ASV AS
- Frist 31.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Frydenbø Bil i Sogndal søker mekaniker!
Vil du jobbe med sterke bilmerke i eit inkluderande og profesjonelt miljø?
Frydenbø Bil i Sogndal søkjer ein ny mekanikar til teamet vårt. Vi tilbyr ein kvardag prega av samarbeid, trivsel og gode moglegheiter for utvikling, både fagleg og personleg.
Frydenbø Bil i Sogndal er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, samt merkeverkstad for Audi og Skoda. Verkstaden vår ligg i moderne og godt utstyrte lokalar i Sogn Næringspark, og her får du jobbe med teknologien og produkta frå nokre av verdas mest kjende bilmerke. Vi legg stor vekt på verdiane våre – entusiastisk, ærleg og ansvarleg – og desse pregar både det daglege arbeidet vårt og korleis vi møter kundane våre.
Arbeidsoppgåver:
- Service og vedlikehald
- Diagnose og feilsøking
- Reparasjonar og mekanisk arbeid
- PKK
- Montering av ekstrautstyr
Hos oss får du:
- Fagleg og personleg utvikling – vi gir deg opplæring og kurs som gir deg moglegheiter for utvikling i bilfaget
- Spennande arbeidsoppgåver – arbeid med nokre av verdas mest kjende bilmerke
- Eit inkluderande arbeidsmiljø – trivsel og samarbeid står i fokus, og du får støtte frå erfarne kollegaer
- Gode personalfordelar – konkurransedyktig løn, gode forsikringsordningar inkludert helseforsikring, støtte til trening, rabattar på bil og båt, samt tilgang til hytter/leilegheiter på Geilo, Maurseth, Svolvær og Mallorca
Vi ser etter deg som:
- Har relevant fagbrev, fortrinnsvis bilmekanikar
- Har god kunnskap om bil og interesse for faget
- Er strukturert, engasjert og sjølvstendig
- Er omgjengeleg og serviceinnstilt
- Har fokus på å levere god kvalitet og skape gode kundeopplevingar
- Har gode haldningar, viser fleksibilitet og evnar å stå på
Hos Frydenbø Bil i Sogndal blir du ein del av eit solid selskap med spennande utviklingsmoglegheiter og gode kollegaer.
Høyrast dette interessant ut? Send oss gjerne søknaden din, vi vurderer kandidatar fortløpande.
Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon om stillinga? Ta gjerne kontakt med Servicemarkedssjef Rune Stølen.
- Telefon 99 20 50 97
- E-post: rune.stolen at moller.no
Søknadsfrist: 31. januar 2026
FerdigheterAI-generert
- Reparasjon av mekanisk utstyr
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.
- Sektor: Privat
- Sted: Avsølevegen 15, 6857 Sogndal
- Bransje: Bil- og bildelproduksjon, Bil, kjøretøy og verksted, Elektronikk
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Teknisk personell, Teknisk service
Nøkkelord
Bilmekaniker, merkeverksted, Audi, Volkswagen, Skoda, kundeservice
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445078453
- Sist endret

