Betongarbeidar/maskinførar
Damfjell AS
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Betongarbeidar/maskinførar
Me ynskjer å styrke laget med fleire dyktige fagfolk/arbeidsfolk. Me ser etter personar som trivst med høgt tempo og tek ansvar i kvardagen. Det er viktig for oss at mannskapet kan jobbe sjølvstendig, samstundes som ein bidreg positivt i laget.
Me kan tilby stabile arbeidsforhold med moglegheit for tilpassa arbeidsordningar, som til dømes innarbeidsordning, der dette let seg kombinere med prosjekta våre og den enkelte sin situasjon. Dette gir fleksibilitet og forutsigbarheit i kvardagen. Me jobber stort sett i Vestland fylke. Det vil bli eindel reising.
Hos oss får du varierte prosjekt, korte beslutningsvegar og moglegheit til å vere med og byggje løysingar som skal fungere i praksis.
Betongarbeider
Utføre forskalings-, armerings- og støypearbeid på anleggs- og betongprosjekt
Plasstøypte betongkonstruksjonar som murar, fundament, kantar og konstruksjonar
Arbeide etter teikningar, arbeidsbeskrivingar og kvalitetskrav
Bidra aktivt til eit effektivt, trygt og kvalitetsbevisst arbeidsmiljø
Maskinførar
Køyring av anleggsmaskiner, gravearbeider og grunnarbeider på anleggsprosjekt, tomtearbeid, vegbygging, natursteinsmuring
Arbeide etter teikning, arbeidsbeskrivelse og modell-maskinstyring
Utføre dagleg vedlikehald og enkle reparasjonar
Me ser etter deg som:
Har relevant erfaring frå betong- og/eller anleggsarbeid
Har fagbrev (ein fordel, men ikkje eit krav)
Kan ha kompetanse/erfaring som tømrer
Har maskinførerbevis (for stilling som maskinfører)
Har god forståing for HMS og sikkert arbeid på anleggsplass
Er påliteleg, nøyaktig og løysingsorientert
Trivst med fysisk arbeid og høgt tempo. Arbeid utandørs i varierande ver
Beherskar norsk eller engelsk
Me tilbyr
Fast arbeid
Varierte og fagleg interessante prosjekt
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
Eit trygt og godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
Moglegheit for fagleg utvikling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Damfjell AS er ein framoverlent og løysingsorientert entreprenør med base i Kaupanger (Sogndal kommune). Me utfører varierte prosjekt innan betong-, grunn- og anleggsarbeid, hovudsakleg for offentlege og private byggherrar i vestland fylke. Me tek på oss mykje variert arbeid.
- Sektor: Privat
- Sted: Skarpteigvegen 5, 6854 Kaupanger
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Betongarbeider, Håndverker, Maskinfører og -operatør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
betongarbeid, støpearbeid, anleggsmaskiner, maskinfører, grunnarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444598025
- Sist endret
