Automatiker, industrimekaniker eller elektriker
Lerum AS
- Frist 5.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du automatiker, industrimekaniker eller elektriker og klar for nye utfordringar?
Lerum AS er i vekst og har ein ledig fast stilling på vedlikehaldsavdelingen som automatiker, industrimekaniker eller elektriker. Vi søker etter en dyktig, initiativrik og sjølvstendig person, som vil vere ein del av laget som er best på saft og syltetøy i landet. Du vil her bli del av eit spennande og moderne miljø, med utfordrende og lærerike oppgåver.
Lerum AS har eit fabrikkanlegg på 28 000 m2.
Arbeidsoppgåver:
- Utføre feilsøkjing, service, installasjonar og reparasjon av anlegg, maskiner og utstyr
- Bidra til å forbetre og optimalisere vedlikehaldsoppgåver
- Arbeide tett på produksjonsavdelingane for å sikre kvalitet og driftstid
- Delta aktivt i fabrikkens forbedringsarbeid
- Delta i prosjektgjennomføring
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som automatiker, industrimekaniker eller elektriker
- Praksis/ erfaring frå industri/produksjonsverksemd er ønskjeleg
- God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- Kjennskap til HMS og korleis ulike arbeidsoppgåver utførast på ein trygg og sikker måte
Personlege eigenskapar:
- Evna til å jobbe strukturert, både sjølvstendig og i team
- Serviceorientert
- Ansvars- og kvalitetsbevisst
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Lerum tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø, med engasjerte og dyktige kollegaer
- Spennande og varierte oppgåver i ein moderne fabrikk
Søknadsfrist: Snarest
Tilsetjinsform: Fast
Om arbeidsgivaren
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar. I 2024 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på 869 mill. kroner og 135 tilsette. Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus og har i tillegg betydeleg eksport av saft til Sverige og Finland. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRCGS, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. Vi er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune. Vi er omgitt av nydeleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra.
Lerum kjøper råvarer og emballasje frå mange ulike land. Vi prioriterer å kjøpe kortreist, både råvarer og emballasje.
I Lerum ønskjer vi å bidra til ei berekraftig utvikling. Vi er derfor opptekne av å jobbe aktivt for å fremje og utvikle gode arbeids- og miljøforhold både i verksemda og hjå våre leverandørar. Arbeidet med leverandørane har høg prioritet og rammene rundt dette arbeidet er styrt av vårt medlemskap i Initiativ for etisk handel.
BEREKRAFT SIDAN 1907
«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.
Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.
Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.
Lerum frå Sogn – kjærleik til frukt og bær.
Ta vare på – Naturen, Foredling, Ernæring, Menneske og Lokalsamfunnet
FerdigheterAI-generert
- Helse- og sikkerhetsbevissthet
- Industrimekanikk
- Installasjon
- Reparasjon
- Servicearbeid
- Sikkerhetsregler
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Automatiker, Industrimekaniker, Elektriker
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444921782
- Sist endret